Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) vart stifta i 1760 som Det Trondhiemske Selskab, for fremme av videnskaberne, på initiativ av biskop Johan Ernst Gunnerus , rektor Gerhard Schøning og etatsråd Peter Friderich Suhm.

I 1761 etablerte selskapet Trondhiems Selskabs Skrifter, der vitskaplege artiklar vart trykt og publisert. Eit anna mål knytt til opplysingstanken og som vitskapsselskapet arbeidde mot, var å få etablert eit universitet i Noreg parallelt med Universitetet i København, tenkt plassert i Kristiansand. I 1767 vart Det Trondhiemske Selskab kongeleg approbert. Selskapet fekk då namnet «Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab» og eigne segl.

Frå 1926 har Selskabet hatt to avdelingar, Akademiet og Museet. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Museet, vart i 1968 ein del av Universitet i Trondheim.

Preses er professor Kristian Fossheim (2011).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]