Det Kongelige Teater
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Kongelige Teater er det danske nasjonalteateret. Teateret ligg på Kongens Nytorv i København og vart fyrst skipa i 1748 med namnet Den danske Skueplads. Orkesteret Det Kongelige Kapel vart underlagt teateret om lag år 1770. Ein ny teaterbygning stod klar i 1874, og vart bygd tett inntil den gamle. Teateret rommar fleire scener og bygg og syner både skodespel, opera og ballett. Erik Jakobsen har vore direktør for teateret sidan 2007.
Kjelde[endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Det Kongelige Teater»
Denne kulturartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.