Den Kongelige Ballet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Kongelige Ballet

Det Kongelige Teater i København, der Den Kongelige Ballet held til.
Skipa1748
HovudkontorDet Kongelige Teater
Nettstadhttp://kglteater.dk Sjå dette på Wikidata

Den Kongelige Ballet er eit internasjonalt anerkjent klassisk ballettkompani med base i Det Kongelige Teater i København. Det er eit av dei eldste ballettkompania i verda, og stammar frå 1748, då Det Kongelige Teater blei stifta.

Balletten blei endeleg organisert i 1771 som ein reaksjon på den store populariteten som fanst for franske og italienske dansestilar. Det Kongelige Teater har tent som heimstad for balletten sidan han blei skipa. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 av den franske Hofdansemester Pierre Laurent. Skulen blei vidareutvikla av den italienske ballettmeisteren Vincenzo Galeotti og August Bournonville skipa den romantiske Bournonville-tradisjonen til kompaniet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det Kongelige Teaters Balletskole, København. Måleri som viser fiolinisten Busch, ballerinaen Charlotte Weihe (ståande i framgrunnen) og ballettmeister Emil Hansen, sitjande til høgre. (Paul Gustave Fischer, 1889)

Frå byrjinga tilsette Den Kongelige Ballet nokre av dei leiande franske og italienske dansarane og koreografane. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 for å levera innfødde dansarar. Eit par år etter at ballettskulen var grunnlagd debuterte Anine Frølich som ein av dei fyrste.

Ein av dei tidlege ballettmeistrane, Vincenzo Galeotti, blir rekna for å vera den eigentlege grunnleggjaren av Den Kongelige Ballet. Han var ballettmeister frå 1775 fram til han døydde i 1816, og innførte ballett d'action og førebudde til den romantiske balletten. Vincenzo Galeotti sin ballett Amors og Ballettmesterens Luner frå 1786 er framleis ein del av repertoaret til ballettkompaniet. Dette er verdas eldste ballett som framleis blir utført med den opphavlege koreografien sin.

Ein annan viktig ballettmeister i ballettkompaniet var den danske dansaren August Bournonville, som er eit sentralt namn i dansk balletthistorie. Ryet til Den Kongelige Ballet internasjonale kjem fyrst og fremst av repertoaret han etterlet seg.

Ballettmeistrar[endre | endre wikiteksten]

Vincenzo Galeotti
August Bournonville i 1841.
  • 1748-1753 Des Larches
  • 1755-1756 Neudin
  • 1756-1763 Antonio Como
  • 1763-1767 Antonio Sacco
  • 1767-1768 Jean Baptiste Martin
  • 1768-1770 Innocente Gambuzzi
  • 1770-1771 Martini
  • 1771-1772 Vincenzo Piatolli
  • 1772-1773 Domenico Andriani
  • 1773-1775 Vincenzo Piatolli
  • 1775-1816 Vincenzo Galeotti
  • 1816-1823 Antoine Bournonville
  • 1823-1830 Pierre Larcher
  • 1836-1862 August Bournonville
  • 1862-1863 Gustave Carey
  • 1863-1877 August Bournonville (igjen)
  • 1877-1890 Ludvig Gade
  • 1890-1894 Emil Hansen
  • 1894-1915 Hans Beck
  • 1915-1928 Gustav Uhlendorff
  • 1928-1930 Kaj Smith
  • 1930-1932 Victor Schiøler
  • 1932-1951 Harald Lander
  • 1951-1956 Niels Bjørn Larsen (konstituert 1951-53)
  • 1956-1958 Frank Schaufuss
  • 1958–1960 Henning Rohde
  • 1961-1965 Niels Bjørn Larsen (igjen)
  • 1966-1978 Flemming Flindt
  • 1978-1985 Henning Kronstam
  • 1985-1994 Frank Andersen
  • 1994-1995 Peter Schaufuss
  • 1995-1997 Johnny Eliasen
  • 1997-1999 Mariana Gielgud
  • 1999-2002 Aage Thordal-Christensen
  • 2002-2008 Frank Andersen (igjen)
  • 2008-no: Nikolaj Hübbe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]