Det beliziske riksvåpenet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det beliziske riksvåpenet viser til landet sin tømmerindustri. Det blei teke i bruk 28. januar 1907, og blei seinare motivet på flagget.
Våpenet er eit tredelt skjold som viser hogstreiskapar i dei to øvre felta og eit seglskip i den nedste. På kvar side av skjoldet står ein skogsarbeidar; han til høgre med brun hud, han til venstre med lysare. Over skjoldet strekk eit mahognire seg. Under er eit band med valspråket til Belize: Sub umbra floreo ('Eg blømer i skuggen'). Rundt det heile er ei bladranke med femti blad til minne om året 1950, då frigjeringa av dåverande Britisk Honduras tok til.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Belizes statsvapen» frå Wikipedia på svensk, den 8. juli 2011.