Det europeiske friidrettsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det europeiske friidrettsforbundet eller EAA (frå engelsk: European Athletic Association) er den øvste styrande organisasjonen for europeisk friidrett. Forbundet har 50 nasjonale medlemsforbund, blant dei er Norges Friidrettsforbund. EAA er i sin tur medlemsorganisasjon i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). Hovudkontoret til EAA ligg i Lausanne og noverande president er Hansjörg Wirz.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under eit møte i IAAF i 1932 vart det sett ned ein eigen komité som skulle evaluera organiseringa av Europameisterskapa. 24. september 1933 under eit styremøte i IAAF Council vart Den europeiske komitéen skipa med Szilard Stankovits som president. Det fyrste møtet i Den europeiske komitéen vart halde i Budapest 7. januar 1934. Komitémedlemmane vart valde frå medlemane i IAAF fram til 1966. Samtidig blei komitéoppgåvene utvida til å gjelda fleire meisterskap.

1. november 1969 blei Forbundet av europeiske medlemmer av IAAF konstituert. Forbundsstatuttane blei godkjende av den fyrste EAA-kongressen i Paris 7. november 1970. Sidan den gongen har forbundet vore kjend som European Athletic Association.

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

Meisterskap[endre | endre wikiteksten]

EAA arrangerer både meisterskap og cupar i friidrett. Her er ei oversikt over meisterskapa til EAA:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Meisterskapsoversikta er henta frå engelsk wikipedia om EAA, 2. september 2012.