Det gotiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen inneheld gotiske bokstavar. Du må kanskje installere ein gotisk Unicode-font.

Det gotiske alfabetet er eit alfabetisk skriftsystem som vart oppfunnen av biskop Wulfila på 300-talet evt. Wulfila var ein religiøs forkynnar ved gotarane som omsette Bibelen til gotisk. Det gotiske alfabetet må ikkje blandast med gotisk skrift, som er ein skriftstil frå det latinske alfabetet.

Alfabetet består av 27 bokstavar. Dei fleste av desse var henta frå det greske alfabetet, men nokre var henta frå det latinske alfabetet og nokre var truleg henta frå ei form for runer som vart brukt før Wulfilas tid. Bokstavane kunne òg brukast til tal, og det var to ekstra talteikn utanom bokstavane. Namna på bokstavane er kjende frå eit manuskript frå 900-talet, og namna er basert på namna som vart brukt på runer.

Bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Bokstav Omskrivning Namn IPA Tallverdi
𐌰 a ahsa / aza /a, / 1
𐌱 b bairkan / bercna /b/ 2
𐌲 g giba / geuua /ɡ/ 3
𐌳 d dags / daaz /d, ð/ 4
𐌴 e aiƕus (aihvus) / eyz e, / 5
𐌵 q qairþra (qairthra) / qertra // 6
𐌶 z ezec /z/ 7
𐌷 h hagl / haal /h/ 8
𐌸 þ, th þiuþ (thiuth) / thyth /θ/ 9
𐌹 i eis / iiz /i, / 10
𐌺 k kusma / chozma /k/ 20
𐌻 l lagus / laaz /l/ 30
𐌼 m manna /m/ 40
𐌽 n nauþs (nauths) / noicz /n/ 50
𐌾 j jer / gaar /j/ 60
𐌿 u urus / uraz /u, / 70
𐍀 p pairþra (pairthra) / pertra /p/ 80
𐍁 koppa 90
𐍂 r raida / reda /r/ 100
𐍃 s sauil / sugil /s/ 200
𐍄 t teiws / tyz /t/ 300
𐍅 w winja / uuinne /w, y/ 400
𐍆 f faihu / fe /f/ 500
𐍇 x iggws / enguz // 600
𐍈 ƕ, hv, hw ƕair (hvair) / uuaer /ʍ/ 700
𐍉 o oþal (othal) / utal /o, / 800
𐍊 sampi 900