Wulfila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wulfila

Statsborgarskap ukjend verdi
Fødd 311
Død

383
Konstantinopel

Yrke misjonær, prest, omsetjar, bibelomsetjar, skribent
Språk latin, koiné, gotisk
Religion Oldkyrkja
Wulfila på Commons

Wulfila (ca. 311383) var misjonsbiskop blant vestgotarane i sju år frå 341. Han var sjølv truleg halvt gotisk, og forfedrane hans hadde kome som fangar frå Kappadokia til gotarane sitt land.

Wulfila var klart ein tilhengar av arianismen. Det kan òg verke som om hans eigen kristologi faktisk ikkje var fullt ut dekt med den arianske. Wulfila såg på Jesus som den «Gud og Herre» som var verdig menneskja si tilbeding. Det er å gå lenger enn arianarane i vurderinga av Jesu guddom.

Han blir særleg hugsa for si omsetjing av Bibelen til gotisk og det gotiske alfabetet han laga for dette formålet — et alfabet samansett av latinske og greske bokstavar og runer. For gammalgermansk språkforsking er skriftene hans svært viktige.

Wulfilabibelelen var den tidlegaste bibelomsetjinga til eit germansk språk. Han er kjend for ettertida framfor alt ved avskrifta som går under namnet Codex Argenteus. Dette er eit handskrift frå 500-talet som no blir oppbevart i Uppsala i Sverige.

Her er «Fader Vår», som kan tene som ein illustrasjon på den formative rolla som Wulfila si omsetjing av kristeleg litteratur skulle få innan dei sentrale germanske språka, og kva for interesse språkforskarane hadde av arbeidet hans:

atta unsar þu ïn himina
weihnai namo þein
qimai þiudi nassus þeins
wairþai wilja þeins
swe ïn himina jah ana airþai
hlaif unsarana þana sin teinan gif uns himma daga
jah aflet uns þatei skulans sijai ma
swaswe jah weis afletam þai skulam unsaraim
jah ni brig gais uns ïn fraistubnjai
ak lau sei uns af þamma ubilin
unte þeina ïst þiudangardi
jah mahs jah wulþus ïn aiwins
amen

Vår kunnskap om Wulfila stammar, med unntak av bibelomsetjinga hans, framfor alt frå kyrkjehistorikaren Philostorgios og frå biskop Auxentius av Dorostorum.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.