Det lyser i stille grender
Salmen «Det lyser i stille grender» er Jakob Sande sitt kanskje mest kjende dikt. Diktet finn ein i julehefte Jol i Sunnfjord frå 1931. Tittelen var då «Julekveld». Jakob Sande sette ikkje dette diktet særleg høgt. Då Lars Søraas d.y. tok kontakt med han i 1948, då han ville bruke det i songboka si, hadde Sande gløymt at han hadde skrive noko juledikt.[1]
Innhaldsliste |
[endre] Den femte strofa
I samband med at diktet skulle trykkast i songbøker strauk han den siste strofa, den femte. Henne fann han ikkje litterært god nok.[2] Songen vart etter det oftast prenta med dei fire første strofene. Jakob Sande har ikkje diktet med i noko diktsamling. Først i 1998 tok Gyldendal det med i den nye utgåva av Dikt i samling.
I salmebokutkastet frå 1981 kom «Det lyser i stille grender» med, men berre med fire strofer. Ein var då usikker på om det var Jakob Sande som hadde skrive den femte. Men då det var klart at han var opphavsmannen, var det fleirtal i salmebok-komiteen for å ta den femte strofa med i Norsk Salmebok i 1985. Ho var endra frå 1931-versjonen. Mellom anna vart myrkret endra til døden. Dei to siste strofene vart samanbundne til ein lang periode. Familien til Sande meinte at berre dei fire første strofene burde med, sidan Jakob Sande sjølv hadde stroke den femte.[3] Ei anna endring ein finn i Norsk Salmebok er at «tusende barnehender» har vorte til «tusene».
[endre] Den omdiskuterte femte strofa i 1931-utgåva:
- Songen som atter tonar
- med jubel kvar julenatt,
- um barnet, Guds son og sonar
- som myrkret for evigt batt.
[endre] Tonesetting
Den tonen som til vanleg vert brukt på denne songen er laga av Lars Søraas d. y. Han vart første gong framførd på julegudstenesta i Johanneskirken i Bergen jula 1944. Songarane var ei jenteklasse frå Sydneshaugen skole som hadde Søraas til songlærar.[4] I nynorskutgåva av Songboka for skule og heim som Søraas gav ut i 1948, finn vi teksta og denne melodien saman for første gong. I bokmålsutgåva Sangboka kom han inn i 1958. Mange reknar denne versjonen frå 1948 som den klassiske utgåva av «Det lyser i stille grender».[5] Mange andre har skrive tone til dette diktet. I Salmer 1973 og i salmebokutkastet 1981 er det brukt ein tone av Rolf Karlsen.
Den første plateinnspelinga av «Det lyser i stille grender» vart gjort i 1974 av Sandefjord Jentekor. Songen har vorte innspelt på plate 66 gonger (2008).[6]
[endre] Teksta
Med utgangspunkt i julefeiringar i «stille grender» skildrar Jakob Sande Jesu fødsel i Betlehem. At det er under ringe forhold syner han med omgrep som «vesal stall», «ringe seng» og «aude eng». Det fjerde verset tonar ut med «den evige himmelsongen som alltid er ung og ny».
[endre] Fotnotar
[endre] Kjelder
- Oddgeir Bruaset: Det var midt i julenatt. Genesis forlag 2000
- Ove Eide: Jakob Sande. Liv - Dikting. Det Norske Samlaget 2006
- Terje Aarset: Det lyser i stille grender i Spottar og salmediktar. Jakob Sande selskapet 1998
- Norvald Skreien: Lars Søraas far og sønn Oslo 2005