Julehefte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit utval eldre julehefte

Julehefte er publikasjonar som vert utgjeve og kjem i handelen til jul. Sidan julehefte vart vanlege, på slutten av 1800-talet har det kome hefte med om lag 800 ulike titlar og 20-30 000 ulike hefte. Mange av dei har vore svært ulike i utforming, innhald og kvalitet.

Heftet Julegave eller en liden samling av udvalgte Selskabs- og Drikkeviser ved norske Forfattere som kom ut i Drammen i 1817 har ofte vorte rekna som det første norske juleheftet. Julegaven for barnlige sind var første hefte som vart utgjeve for born.

Frå kring 1880 vart det utgjeve norske litterære julehefte. Desse var fint forseggjorde, gjerne med fire fargar trykk på framsida.

Ofte vart det gode honorar for forteljingar til desse hefta. Ut gjennom byrjinga av 1900-talet finn vi at mange kjende norske forfattarar skriv. Vi finn namn som Jonas Lie, Alexander Kielland, Knut Hamsun, Sigrid Undset, Gabriel Scott, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Johan Falkberget finn ein som forfattar i meir enn 400 julehefte.

Julehefta hadde ofte kunstvedlegg. Her var det ofte verk av kjende biletkunstnarar som vart trykte. Ein finn døme på kunst av: Erik Werenskiold, Hans Gude, Gerhard Munthe, Nikolai Astrup og Eilif Peterssen, og fleire.

Hefta vart gjerne utgjevne for å gi inntekt til lag og organisasjonar. Dei var ofte svært populære. I nokre tilfelle kom hefte i opplag på over 100 000. Nokre hefte kom berre eit år medan andre har vorte utgjevne i over hundre årgangar.

Julehefte møtte delvis motstand frå etablerte forfattar, som til dømes Rasmus Løland. Det vart hevda at godt lesestoff i hefte ville redusere bokkjøpet.

Hefte med kulturelt, religiøst og sosialt innhald[endre | endre wikiteksten]

Innhaldssida i første nummer av Juleroser 1881

Det første julehefte som vart selt regelmessig i Noreg var det danske Juleroser. Det vart utgjeve første gong til jul i 1881 av bokhandlar Ernst Bojesen i København. Det vart utgjeve som eit felles nordisk julehefte med, etter kvart, like mykje stoff frå Danmark, Sverige og Noreg. Frå 1885 var det eigen redaktør for kvart av dei tre landa. Utgjevaren av Juleroser hadde det franske Paris-Murcie, frå 1879, som forbilde. I tillegg til å få dei fremste forfattarane til å skrive, overtok Bojesen ideen om eit eige kunstvedlegg med bidrag frå dei fremste kunstnarane.

Frå 1887 har det kome årlege julehefte i Noreg. Det året kom Folkebladet med eit julenummer. I fleire år frametter kom dette juleheftet. Utgjevarane la vekt på høg standar. Mange av dei kjendast norske forfattarane skreiv i Folkebladet sit julenummer. Jakob B. Bull var redaktør av Folkebladet. Til julenummeret 1889 skreiv han forteljinga om Vesleblakken. Utover første del av 1900-talet vart det problem med å få heftet lønsamt. Det var mykje grunna konkurranse frå dei danske hefta.

Det første sjølvstendige juleheftet som kom regelmessig, og som ikkje var knytt til noko blad eller tidsskrift var Juleblus. Det vart utgjeve i Kristiania av F. Beyer 1888–1896. Det har mange likskapar med Juleroser. I tillegg til kjende norske forfattarar er Tolstoj, Dostojevskij og Heine representert.

Det første heftet med kunstvedlegg var Juleaften som starta i 1893. I kvalitet og utforming låg det nær opp til Juleroser. Sjølv om fleire forlag og foreiningar prøvde seg som utgjevarar gjorde den dyre produksjonen at det vart slutt etter julenummeret 1904.

Andre hefte med kunstvedlegg var Jul (1898–1900), Jul i Norge (1905–1923), Julehelg, som forfattarforeiniga stod bak, (1912–1959), Norge julen 1914 og Julen, juleheftet til Riksmålsforbundet (1915-39).

Desse litterære julehefta med kunstvedlegg var med på å la folk over heile landet verte kjende med forfattarar og andre kunstnarar. Kunstvedlegga var for det meste teikningar og fargetrykk av måleri. Stundom kunne vedlegga vere fotografi eller notar.

Julehilsen 1925

I fleire av dei første hefta vart det lagt stor vekt på kvalitet. Dei vart då så dyre at mange ikkje såg seg råd til å kjøpe dei. Det gjorde at billegare hefte, dei såkalla «Folkelesnings»-julehefta, dukka opp. Sjølv om ein her og finn stoff av kjende forfattarar og kunstnarar, er det helst skribentar frå veke-pressa som dominerer. Mange forteljingar er omsette frå andre språk og er gjerne usignerte. Innhaldet har ofte svært lite med jul å gjere. Eit juledikt og eit par forteljingar høyrer med.

Ei typisk juleforteljing kan omtalast slik: Ho handlar om jula, om kjekke ungdomar, om forelsking, forholdet mor/son, sorg og glede, - og ei kristeleg avslutning.[1] Det var ulike forlag som gav ut desse hefta. Eit forlag kunne kome med mange ulike hefte kvart år. I 1933 hadde til dømes Bladkompaniet 10 julehefte.

Kristne julehefte[endre | endre wikiteksten]

Noreg har hatt mange julehefte der det har vorte lagt vekt på det kristne innhaldet i jula. Både misjonsforeiningar og ulike trussamfunn har laga sin hefte. Eit hefte som i periodar har vorte trykt i svært store opplag er Ved juletid. I første åra etter andre verdskrigen vart det trykt 125 000 hefte. Nokre andre, som Krigsropet, utgjeve av Frelsesarmeen, Magnes julenummer, barnebladet til IOGT, og Pinsekyrkja sit julehefte, hadde tilnærma like høge opplagstal.

Det var Norsk Luthersk Misjonssamband som start heftet Ved juletid i 1927. Trygve Bjerkrheim var redaktør frå 1932 til 1972. Juleheftet ber preg av den store litterære produksjonen hans. Til saman 85 artiklar, dikt og salmar har han signet. Ved juletid er eit av dei hefta som framleis kjem ut.

Det norske Misjonsselskap sit julehefte, Hellig jul, var det kristne julehefte som var mest forseggjort. Det var på høgd med hefte som Julehelg og Juleglede både i i trykk, papirkvalitet, kunstvedlegg, og pris. Det var eit av dei få kristne hefta som vart seld gjennom Kioskenes ekspedisjon. Den vanlege salsmåten av slike julehefte var gjennom medlemar av utgjevarforeiniga. Ikkje uvanleg vart dei selde på dørene. Gjerne var det born som fekk denne oppgåva. Andre ytremisjonsorganisasjonar gav og ut hefte. Sjømannsmisjonen har gitt ut hefte sidan 1909. Santalmisjonen gav ut barnejuleheftet Santalklokken.

Det norske lutherske indremisjonsselskap sit første julehefte var Juleklokke. Første nummer kom truleg i 1894. Skribentar i heftet er misjonsselskapet sine eigne folk. I tillegg fin ein og etablerte forfattarar som Frimann Clasen og Theodor Caspari. Frå 1927 gav Indremisjonsselskapet ut Jul i hjemmet. Det var juleheftet til bladet For fattig og rik. Det vart og utgjeve julehefte i mange krinsar og folkehøgskular til Indremisjonsselskapet.

Samenes Venn 1929

Misjonsorganisasjonar som arbeidd for bestemte grupper i Noreg, har og hatt sine julehefte. Ein finn titlar som Fiskerens venn (Den Indre Sjømannsmisjon), Samenes Venn (Norsk samemisjon), På hjemvei (Den norske omstreifarmisjon) og Jernbanemisjonens julenummer.

Ulike trussamfunn gav ut sine hefte. Metodistkyrkja gav ut Vor Julebog alt i 1895. Seinare fekk det namnet Julefryd. Mesteparten av stoffet er skrive av metodistkyrkja sine medarbeidarar. Av etablerte forfattarar skriv Johan Bojer og Vilhelm Krag. I 1912 skreiv Roald Amundsen artikkelen «Det norske flag plantet paa Sydpolen».

Kimer i klokker(1923–64) var katolikkane sit julehefte i Noreg. Det var eit fint og påkost hefte, og eit av dei få kristne julehefta mellom dei 67 som Kioskenes Ekspedition omsette til jul i 1925. I dette heftet var Sigrid Undset ein trufast skribent. Frå 1923, året før ho konverterte til katolisismen, og til ho døydde i 1948, har ho mest årvisse bidrag i bladet.

Mellom dei diakonale hefta merkjer Frelsesarmeen sit hefte, Krigsropets julenummer seg ut. Det starta i 1893 og kjem enno. Det er av dei julehefta som har vorte utgjeve i størst opplag.

Julehefte for ulike interesser[endre | endre wikiteksten]

Særleg i første halvdel av 1900-talet kom det mange julehefte som representerte særinteresser. Dei ulike sportsblada som; Norsk Idrætsblad, Sport, Idræt, Sportsmanden og Idrætsliv hadde alle sine julehefte eller julenummer. Kvaliteten på desse var svært varierande.

Forskjellege yrkesgrupper hadde sine hefte. Etter 1910 hadde landbruket hefte som Bondens Jul (Ugeskrift for landbruk), Julaften på landet (Norsk landmandsblad) , Jul i bygda og Norsk Småbrukerjul.

Mellom julehefta som har vorte utgjeve for folk på havet kan ein telje minst 20 titlar. Mellom desse er Signals julenummer, Redningsskøyta og Jul til sjøss.

Yrkesgrupper som journalistar, typografar, funksjonerer, postfolk, og tilsette i telefon, jernbane og bergverk, hadde og sine hefte.

Politiske hefte til jul var det for det meste arbeidarrørsla som stod bak. Frå 1907 til 1939 gav Arbeidarpartiet ut Arbeidets jul

Julehefte på nynorsk[endre | endre wikiteksten]

Det nynorske Norsk Barneblad sit julehefte, Joletre, er eit av dei hefta som har kome i flest årgangar. Det starta i 1898. Først på 1900-talet var det nokre år det ikkje kom. (1901–05 og 1907). Det var mykje på grunn av dårleg økonomi i Norsk Barneblad. I Joletre finn vi salmar, dikt og forteljingar av kjende nynorskforfattarar. Bokmålsbrukarar, som Mikkel Fønhus, har og skrive. Teksten er då omsett til nynorsk. I 1921 skreiv den då 15 år gamle Haldis Moren si første forteljing[2]. Otto Valstad, Jens R. Nilssen og Solveig Muren Sanden har laga mange av framsidene. Dei har og mange illustrasjonar inne i hefta. Namnet Joletre vart etter kvart endra til Juletre. I 1939 vart båe namna godkjende av poststyret. Då vart det sikra at ingen andre tok det namnet som ikkje stor på framsida i bruk. Eit år vart det teikna ein snøklatt over u-en i Juletre, slik at namnet kunne lesast både jul og jol.

I åra 1904-1907 gir J.M.Stenersen & co's Forlag ut Julekvelden, eit julehefte for vaksne på nynorsk. Halvdan Koht var redaktør. Det vart lagt vekt på solid kvalitet i arbeidet med heftet. Her og var det kjende personar som skreiv og teikna.

Andre nynorskhefte var: Julehøgtid, utgjeve av Umbodsmannalaget Trygd. Jol var julenummeret til For Bygd og By. Norsk jol vart frå 1924 utgjeve av Olaf Hanssen. Gula Tidend stod for salet. Seinare stod Lunde Forlag bak hefte. Frå 1940 stod Nynorsk Vekeblad, ved Hans Aarnes som utgjevar.

Mange lokale julehefte er på nynorsk.

Julehefte for born[endre | endre wikiteksten]

Premieoppgåve frå Joletre1921

I Danmark stod Ernst Bojesen bak utgjevinga av Børnenes juleroser frå 1884.. Han var utgjevar av Juleroser. Børnenes juleroser vart selt i Noreg. Seinare, truleg frå 1910, kom det ei norsk utgåve som heitte Barnas juleroser. Bak julehefta for born stod ofte kjende personar frå kulturlivet i Noreg. Moltke Moe var pådrivar for Julehilsen. I 1897 vart Nordahl Rolfsen redaktør. I Barnas julaften (1895–1904), var Jakob B. Bull redaktør. Seinare overtok Gabriel Scott jobben. Etter 1904 finn ein at Gabriel Scott skreiv i Børnetidendes Julebog, juleheftet til Børne-Tidende. Her skreiv han i 1910 forteljinga Graatass. I 1911 kom Graatass, av en skogskatt levnesløp. Desse to forteljingane slo han saman til boka Sølvfaks i 1912.

Norsk Luthersk Misjonssamband sit julehefte for born, Blåveisen, vart starta som søndagsskuleblad i 1882. I 1922 fekk det omslag og paginering, og vert rekna som julehefte.

Liksom Juletre, juleheftet til Norsk Barneblad, var Magnes julenummer lenge eit populært hefte. Det var IOGT sit barneblad. Juleheftet kom frå 1899–1987. I fleire år, frå 1931, kom det med utgåve både på bokmål og nynorsk.

Lokale julehefte[endre | endre wikiteksten]

Lokale julehefte har ein funne over heile landet, i mange variantar og utgåver. Kanskje så mange som 400 juleheftetitlar kan reknast mellom desse [3]. Mange har kome med berre eit nummer, medan andre kjem jul etter jul.

Distriktet hefte har tenkt å dekkje finn ein ofte nemnt i tittelen, slik som i Jul på Helgeland, Jul på Sunnmøre og Jol i Setesdal.

Dei lokale julehefta vert laga for «å få fram særdrag ved bygdelivet som held på å gå i gløymeboka, og å lage triveleg julelesnad for store og små», som det heiter i Jol i Åmli 1984.[4]

Ein finn lokale julehefte både frå bygd og by. Frå kring 1900 merkte Bergen seg ut med mange julehefte. Om lag 15 ulike titlar dukka opp i tidsrommet 1898–1921. I Oslo har det kome lang færre. Dette truleg fordi dei fleste landsdekkjande hefta kjem ut her.

Dei fleste lokale hefta vert utgjevne av lag og organisasjonar. Lokallag av Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag har gjeve ut dei fleste. Historelag er og flittige utgjevarar. Stundom kan det vere uklart om heftet er eit julehefte eller årbok for eit lag. I 1906 gav Troms fylke av Noregs Ungdomslag ut eit julehefte. Det ser ut til å vere det eldste ungdomslagsjulehefte. Det vanlege i lokale julehefte er at dei er prega av lokale skribentar og illustratørar. Sidan det meste av skrivinga og arbeidet elles er basert på dugnad, har det vore fleire kjende skribentar som har takka nei til å vere med.[5]

Ein trugen skribent og illustratør i lokale hefte var Ander Moe-Rognhaug. I tillegg til nær 300 sjølvillustrerte dikt og forteljingar, har han måla kring 50 framsider. Ein finn arbeid av han i alle ungdomslagshefta frå Romsdal og nordover. Mest har han laga for Inntrønder-ungdommen. I Jul i Trøndelag sat han i skriftstyret i 27 år. Ein annan som skreiv mykje i ungdomslags-julehefta var forfattaren og skulemannen Bjarne Slapgard. Han skreiv og i kristne julehefte og i fråhalds-julehefta.

I tillegg til ungdomslag, mållag og historielag, er det lokale julehefte frå skular, idrettslag, vel-foreiningar, Lions-klubbar, forlag og privatpersonar.

Teikneseriar[endre | endre wikiteksten]

For oversikt over teikneseriehefta sjå Liste over teikneseriar utgjevne som julehefte i Noreg

I andre tiåret av 1900-talet dukka teikneseriar som julehefte opp. Knold og Tots overmand Mester Graa vert rekna som det første, regulære teikneseriejuleheftet. Det vart utgjeve i 1914. Heftet Knold og Tot i Skolen frå 1911 vart ikkje trykt som julehefte.

På 1920- og 30-talet auka talet på teikneseriejulehefte. Dei aller fleste av dei var av norsk opphav. Under andre verdskrigen auka etterspurnaden etter julehefte. Fleire teiknarar vart arbeidslause og såg på julehefta som ein måte å skaffe seg innkome på. I desse åra dukka mange av dei seinare klassiske teikneseriehefta opp, slike som Vangsgutane, Smørbukk, Ingeniør Knut Berg på eventyr og Tuss og Troll. Dei siste krigsåra fekk ein problem med å gi ut så mange hefte, grunna papirmangel.

Åra etter krigen var og gode år for julehefta. Øyvind Dybvad stod bak mange populære figurar, slik som Soldat 47, Peik og Bamsemann.

Etter at ein fekk fjernsynssendingar i Noreg, endra utvalet av julehefte seg. Det kom mange seriar basert på populære tv-seriar. Det vart fleire utanlandske og færre norske hefte. Berre dei best innarbeidde klarte seg i konkurransen. Med hefte som Pondus og Nemi har interessa for norske seriejulehefte vorte større att.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ei side med annonser i eit julehefte frå 1925.

Ein viktig grunn for å utgi julehefte har vore å få inntekter. Særleg var det drivkrafta for forlaga som gav ut hefte. Organisasjonar og lag har og hatt mål om å få pengar i kassa, i tillegg til å gi merksemd til saka dei har stått for. Utsalsprisen på julehefta har variert mykje. Nokre satsa på dyre heft, som ikkje hadde så mange kjøparar. Billege hefte fekk ein selje fleire av. Rundt 1910 kosta til dømes dei billegast hefta 25 øre. Dei dyraste med kunst vedlegg kunne koste det 6-doble. Fram mot 1930 auka prisen på dei dyraste til 5 kr. Eit av dei dyraste var Journalistenes juletre. Det kosta 4,50 i 1930. For den prisen fekk ein i tillegg til juleheftet; eit notehefte og billettar til teater, travbane og fotballkamp. Hefta var nummererte, og kjøparen vart med i eit lotteri med dyre gevinstar. Ein kunne vinne både bil og hytte. Sjølv med så dyre gevinstar hadde Oslo Presseklubb eit overskot av julehefta på over 30 000 kr.

Ein viktig del av økonomien til julehefta var annonsar. Nokre hefte hadde svært mange annonsar. Snefok, som vart utgjeve for å gi pengar i byggjekassa til Det Norske Studentersamfunn hadde 60 annonsesider av 112. Annonsane speglar gjerne utgjevaren. Landbrukshefte annonserte for jordbruksreiskap, og dei på nynorsk annonsere for nynorske blad og skular.

Julehefta var viktige for mange forfattarar. Grunnen til at ein finn dei kjendaste skribentane og illustratørane i desse hefta er truleg dei gode honorara. Aasta Falkberget skriv at faren, Johan, våren 1922 la arbeidet med Den fjerde nattevakt til sides for å skrive for julehefta. Han fekk då opp til 500 kr for ei forteljing.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Brenne s. 32
  2. Joletre 1921 s. 2
  3. Brenne s 143
  4. Brenne s 143
  5. Brenne s. 151
  6. Aasta Falkberget s. 16