Jakob Sande
Jakob Sande (1. desember 1906–16. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Han debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.
Sande avla Cand.philol.-eksamen i 1932, og reiste deretter til sjøs. I 1935 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo. I 1963 slutta han som lærar og byrja skrive på heiltid. Han fekk eit stipend på 15 000 kroner og var lova den same summen for dei neste to åra.
Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Dikta han skreiv vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (til dømes i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Han har og skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender» og «Salme».
Innhaldsliste |
Heider [endre]
Til minne om Jakob Sande vart det i 2001 avduka ein statue av Vesle Daniel i Dale sentrum. Daniel er ein sentral person i to av Sande sine dikt. Statuen er utforma av Sivert Donali. I 1966 vart det avduka ei byste av forfattaren, og Sande var sjølv til stades ved denne markeringa. Bysta står i dag ved Fjaler Ungdomsskule.
Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande-vener frå heile Noreg.
Innspelingar og framsyningar [endre]
Mange av Jakob Sande sine dikt er blitt til kjende og kjære songar. På 50-talet gjorde «Radiofantomene», Kurt Foss og Reidar Bøe mange fine innspelingar med dikt av Jakob Sande, som «Fabel», «Tusselåt» og «Stubb» (1951), «Fantefylgje» (1953), «Flyttelasset», «Kallen og katten», «Ola Jungmann» og «Sjømannsvise» (1954), «Da Daniel drog», «Musa i orgelet» (1956), «Kleppe-Marit» og «Den vesle jenta og folungen» (1957) og «Grannar» (1957).[1]
Jon Eikemo fekk Spellemannprisen 1979 i opa klasse for albumet Leser Jakob Sande.
I 1991 kom Jon Eikemo med framsyninga «Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg...», som vart ein stor suksess på Det Norske Teateret i Oslo, den Nasjonale Scene i Bergen og seinare på turnè i 1991-1992. Tekstane var sett saman av Vidar Sandem og musikken av Egil Monn-Iversen. Eikemo fekk kritikarprisen i 1992 for framsyninga.
Seinare har både Aftenlandet og Jubelhornet vore med å gjere Jakob Sande sine dikt kjende gjennom musikken. Ein annan som har tonesett og gjeve ut CD med tekstar av Jakob Sande er den færøyske visesongaren Hanus G. Johansen.
2006 var hundreårsjubileum for Jakob Sande, og det vart feira gjennom heile året.
Verk [endre]
- 1929 - Svarte næter, dikt, Gyldendal
- 1931 - Storm frå vest, dikt, Gyldendal
- 1933 - Frå Sunnfjord til Rio, dikt, Gyldendal
- 1935 - Straumar i djupet, noveller, Gyldendal
- 1936 - Villskog, dikt, Gyldendal
- 1939 - Krossen og sleggja, dikt, Gyldendal
- 1943 - Eit herrens vêr, noveller, Tell
- 1945 - Guten og grenda, dikt, Gyldendal
- 1946 - Skarlagensnora, noveller, Gyldendal
- 1950 - Korn og klunger, dikt, Gyldendal
- 1950 - Dikt i utval, Gyldendal
- 1955 - Sirius, dikt, Gyldendal
- 1956 - Dikt i samling, Gyldendal
- 1958 - Forteljingar, skuleutgåve, Gyldendal
- 1958 - Skreddarsveinen og andre viser, ill. Kjell Aukrust. Gyldendal
- 1961 - Det kveldar på Kobbeskjer, dikt, Gyldendal
- 1964 - Noveller i samling, Gyldendal
- 1964 - Hestevrinsk og fløytelåt, viser, mel. Ivar Medaas, Geirr Tveitt, ill. Unni-Lise Jonsmoen, Samlaget
- 1965 - Dikt i samling, Gyldendal
- 1971 - Dikt og forteljingar, skuleutgåve, ved Herbjørn Sørebø, Gyldendal (post mortem)
- 1974 - Då Gud heldt fest i Fjaler, dikt i utval ved Hartvig Kiran, Den norske bokklubben (post mortem)
- 1992 - Sjømannen Jakob Sande : brev og dikt, Samlaget (post mortem)
- 1998 - Dikt i samling, Gyldendal (post mortem)
- 1998 - Å, eingong å vakne, dikt i utval, Gyldendal (post mortem)
- 1999 - Noveller i samling, Gyldendal (post mortem)
- 2006 - Gåsa, katten og hanen, biletbok, ill. Ingunn Elida Wiken, Skald (post mortem)
Biografi [endre]
- 2006 – Ove Eide Jakob Sande. Liv.Dikting, Samlaget
- 2000 – Herbjørn Sørebø Ein storm frå vest, Jakob Sande - veit eg, Samlaget
- 1996 – Herbjørn Sørebø Fløytelåt - eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande, ill. Ludvig Eikaas, Samlaget - Les i fulltekst
- 1975 – Norvald Tveit Jakob Sande. Ein diktar og hans miljø, Gyldendal
Pris [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om Jakob Sande hjå NRK Sogn og Fjordane
- Intervju i Dagbladet der Herbjørn Sørebø snakkar om Jakob Sande
- Jakob Sande Selskapet