Det peruanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det peruanske riksvåpenet

Det peruanske riksvåpenet er eit heraldisk skjold delt i tre med eit stort felt som dekker nedre halvdelen og viser eit gult overflodshorn på raud botn. Feltet øvst til heraldisk høgre viser ein vikunja på blå botn, medan den motsåtande sida viser eit kinatre på kvit botn. Peruanske flagg ramar inn skjolde på begge sider, medan ein krans av steineik står over skjoldet.

Ein versjon av våpenet der flagga er erstatta av ei palme- og ei laurbærgrein blir brukt i orlogsflagget til Peru.

Overflodshornet står for gullet i Peru, vikunjaen står for dyrelivet og treet for planterikdommen som mellom anna finst i regnskogen i Amazonas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]