Overflodshorn
Overflodshorn (bokmål overflødighetshorn) er eit horn så overfylt at det spiller ut innhaldet, som typisk er blomar, frukter, andre plantedelar og rikdomssymbol som myntar. Det er eit symbol på lykke, grøde, rikdom og overflod med opphav i gresk mytologi. På gresk heitte hornet keras Amaltheias (κέρας Ἀμαλθείας), 'hornet til Amaltheia'. På latin heitte det cornu copiae, 'hornet til Copia'. Begge desse var lykkegudinner i høvesvis gresk og romersk gudelære.
Overflodshorn blei brukt som symbol av fleire gudar, som romerske Abundantia, Copia og Concordia og greske Hades. I seinare vestleg biletkunst blei det eit vanleg symbol på overflod. Symbolet er også blitt brukt på riksvåpen, som dei noverande peruanske og venezuelanske riksvåpena og det tidlegare kostarikanske.
Bilete [endre]
-
Overflodshorn i eit utsnitt av 'Dei fire verdsdelane' (1664-1666) av Jan van Kessel den eldre.
-
Overflodshorn på det peruanske riksvåpenet
-
Overflodshorn i brød til ein militær amerikansk hausttakkefest.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Copia»
- Denne artikkelen bygger på «Overflødighetshorn» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2011.