Det sørsudanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coat of Arms of South Sudan.svg

Det sørsudanske riksvåpenet viser ei flodørn (Haliaeetus vocifer), ei ørn som er utbreidd i størsteparten av Sør-Sudan. Ørna har spreidd stjert og venger og ser mot venstre (for sjåaren). Framfor ørna er eit tradisjonelt skjold og eit spyd i kross med ein spade. Ørna står for styrke, motstand, majestet og visjon. Spaden står for folket sin vilje til å arbeida hardt for å fø staten sin, og våpna for viljen til å forsvara det.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det sørsudanske riksvåpenet

Kjelder [endre]