Flodørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flodørn

Status i verda: LC Livskraftig

Foto: Mehmet Karatay

Foto: Mehmet Karatay

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Slekt: Haliaeetus
Vitskapleg namn
Haliaeetus vocifer
Daudin, 1800

Flodørn (Haliaeetus vocifer) er ein fugleart i haukefamilien. Han er ei afrikansk ørn i slekt med havørn. Flodørn er nasjonalfuglen til Zimbabwe og Zambia.

Flodørn i Botswana.
Flodørnegg.

Flodørn er ein stor ørneart der hoa (3,2-3,6 kg) er større enn hannen (2-2,5 kg). Hoa har eit vengespenn på rundt 2,4 meter, medan spennet til hannen er omtrent 2 meter. Kroppen er hovudsakleg brun med svarte store venger. Hovudet, brystet og stjerten er kvit og han har gult nebb med ein svart tipp.

Flodørn lever hovudsakleg av fisk, som ho jaktar på frå tre. Ho stupar ned til vatnet, fangar fisken med klørne og et han oppe i treet att. Flodørn lever i Afrika sør for Sahara og er vanleg nær ferskvassjøar og elvar. Fuglen kan også nokre gonger halda til ved kysten ved elvemunningar og lagunar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flodørn