Die Kunst der Fuge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Die Kunst der Fuge
BWV 1080
Solokonsert av Johann Sebastian Bach
SjangerSolokonsert
PeriodeBarokken
KomponertFør 1742
Publiseringsdato1751
Revidert1745-1749
Typisk lengd82:17
Satsar/akter22
Toneartd-moll

Die Kunst der Fuge («Fuge-kunsten»), BWV 1080, er eit uferdig meisterverk[1] av Johann Sebastian Bach (1685–1750). Verket vart mest truleg påbyrja i starten av 1740-åra, om ikkje tidlegare. Dei første kjende overlevande utgåvene, som inneheld tolv fuger og to kanonar, vart kopiert av komponisten sjølv i 1745. Dette manuskriptet har ein noko anna tittel, lagt til sidan av svigersonen Johann Christoph Altnickol: Die Kunst der Fuga. Den andre utgåva til Bach vart publisert i 1751 etter han døydde. Denne inneheld 14 fuger og fire kanonar. «Den herskande ideen i dette verket», som Bach-spesialisten Christoph Wolff seier det, «er ei inngåande utforsking av kontrapunktiske mogelegheiter som finst i eit enkelt musikalsk tema.»[2]

Kvar av dei 14 fugene, bortsett frå ein siste uferdig ein, nyttar det same enkle temaet i d-moll:

Struktur[endre | endre wikiteksten]

I den trykte utgåva frå 1751 er dei forskjellige satsane om lag arrangert i aukande orden etter kor sofistikert bruken av kontrapunkt er. Det arabiske nummeret i tittelen indikerer tamlet på stemmer i fugen, bortsett frå den siste, der a 3 Soggetti tyder «med tre tema»:

Enkle fuger:

1. Contrapunctus I, og
2. Contrapunctus II: Enkel monotematisk firestemt fuger på hovudtemaet, akkompagnert av eit punktert rytmetema i fransk stil. Dei 14 gjentakingane av temaet står for etternamnet til komponisten (B + A + C + H = 14)
3. Contrapunctus III, og
4. Contrapunctus IV: Enkle monotematiske firestemte fuger på inversjon av hovudtemaet, altså temaet er «snudd opp ned».

Mot-fuger, der ein variasjon av hovudtemaet vert nytta i både vanleg og invertert form:

5. Contrapunctus V: Har mange stretto-parti, det same har Contrapuncti VI og VII.
6. Contrapunctus VI, a 4 i Stylo Francese: Begge legg til temaet i diminusjon[3] (halve notelengder)
7. Contrapunctus VII, a 4 per Augmentationem et Diminutionem: Nyttar forstørring (dobling av alle notelengder) og diminusjon av hovudtemaet og inversjonane.

Doble og triple fuger, med to og tre tema:

8. Contrapunctus VIII, a 3: Trippelfuge.
9. Contrapunctus IX, a 4 alla Duodecima: Dobbelfuge
10. Contrapunctus X, a 4 alla Decima: Dobbelfuge.
11. Contrapunctus XI, a 4: Trippelfuge.

Speilfuger, der heile partituret kan spelast baklengs utan at ein mistar musikaliteten.:

12. Contrapunctus XII, a 4: Rectus- (normal) og inversus-versjonar (opp ned) vert generelt spelt etter kvarandre.
13. Contrapunctus XIII, a 3:Den andre speilfugen for tre stemmer, òg ein mot-fuge.

Kanonar, merkte med intervall og teknikk:

14. Canon per Augmentationem in Contrario Motu: Forstørra kanon i invertert rørsle.
15. Canon alla Ottava: Oktavkanon. Den eine stemma ligg ein oktav over den andre. .
16. Canon alla Decima in Contrapunto alla Terza: Kanon i tiande, kontrapunkt i tredje
17. Canon alla Duodecima in Contrapunto alla Quinta: Kanon i tolvte, kontrapunkt i femte.

Eit arrangement av Contrapunctus XIII

18. Fuga a 2 (rectus) og Alio modo Fuga a 2 (inversus)

Uferdig firdobbel fuge:

19. Fuga a 3 Soggetti (Contrapunctus XIV): For fire stemmer, det tredje temaet er basert på BACH-motivet.

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Kopiar av manuskriptet til Kunst der Fuge, samt den trykte førsteutgåva, nyttar opent partitur, der kvar stemme er skriven på kvar si noterad. Dette har ført til at ein har trudd verket var ei intellektuell øving som skulle studerast og ikkje høyrast.[4]. Musikkvitarar i dag er likevel stort sett samde om at verket var meint for å spelast på tangentinstrument.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Somme reknar at det vart ferdig, men at ikkje alt av det finst i dag.
  2. Johann Sebastian Bach, the Learned Musician av Christoph Wolff, s. 433, ISBN 0-393-04825-X.
  3. Helmut Walcha, 'Zu meiner Wiedergabe', in Die Kunst Der Fuge BWV 1080, St Laurenskerk Alkmaar 1956 (Archiv Production, Polydor International 1957), Insert s 5-11, på s.7.
  4. The Art of the Fuge[daud lenkje]
  5. D. Schulenberg. «Expression and Authenticity in the Harpsichord Music of J.S. Bach". The Journal of Musicology, Vol. 8, No. 4 (Autumn, 1990), pp. 449–476

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]