Johann Sebastian Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Sebastian Bach
Bach.jpg
Johann Sebastian Bach, måla av Elias Gottlieb Hausmann i 1748.
Fødd 21. mars 1685, Eisenach i Tyskland
Død 28. juli 1750 (65 år), Leipzig i Tyskland
Instrument Orgel og cembalo
Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk, vokalmusikk, orgelmusikk, solokonsert
Aktive år 1700-1750
Yrke Komponist og organist

Johann Sebastian Bach (21. mars 168528. juli 1750) var ein tysk komponist og organist under barokken. Han vert av mange rekna som ein av dei største komponistane nokon gong, men i samtida var han best kjent som ein stor orgel- og cembalovirtuos.

Dei religiøse og verdslege verka hans for kor, orkester og soloinstrument prega barokkmusikken og vart eit høgdepunkt i perioden. Sjølv om Bach ikkje introduserte nokon nye musikkformer, gjorde han den rådande tyske stilen rikare med ein robust kontrapunktisk teknikk, ei tilrettelegging av harmoniar og motiv frå den minste til den største skala og rytmar og struktur frå utlandet, særleg Italia og Frankrike.

Verka til Bach er akta for den intellektuelle djupna, den tekniske kvaliteten og den kunstnariske venleiken, og omfattar mellom anna dei seks Brandenburgkonsertane, Goldbergvariasjonane, Engelske suitar, Franske suitar, Partitaer og Det veltempererte klavéret, samt Messe i h-moll, Matteuspasjonen, Musikalisches Opfer, Die Kunst der Fuge, Sonatar og partitaer for fiolin, Seks cellosuitar, kyrkjekantatar der 220 av dei er bevart og tilsvarande mange verk for orgel, av dei den kanskje mest kjente orgelkomposisjonen i dag, «Toccata og fuge i d-moll».

Verka hans har gjeve inspirasjon til fleire seinare europeiske komponistar. Bach overlevde barokkperioden og musikken hans vart rekna som umoderne då han døydde. Dei harmonisk komplekse og fleirstemte komposisjonane i barokken stod i sterk kontrast til den enklare, einstemte musikken i wienerklassisismen. Etter at komponisten døydde, vart musikken hans nesten gløymt. Musikken til Bach vart gjenoppdaga på 1800-taletFelix Mendelssohn-Bartholdy oppførte Matteuspasjonen i Berlin i 1829. Han var òg sentral i utbreiinga av musikken til Bach. I 1850 vart det oppretta eit Bach-selskap.

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Barndom (1685-1703)[endre | endre wikiteksten]

Johann Sebastian Bach vart fødd i Eisenach i Thüringen, som no er ein del av Tyskland. Han var det yngste barnet til Johann Ambrosius Bach, ein organist ved St. Georg-kyrkja[1] og Maria Elisabetha Lämmerhirt Bach, dotter av ein buntmakar og byrådsmedlem. Far hans lærte han å spele fiolin og cembalo.[2] Onklane hans var alle profesjonelle musikarar; mellom anna kyrkjeorganistar, kammermusikarar ved hoffet og komponistar. Onkelen Johann Christoph Bach var særskild kjend og introduserte han for kunsten å spele orgel. Bach var stolt av den musikalske familien sin og kring 1735 laga han eit utkast til ei slektstavle, «Opphavet til den musikalske Bach-familien».[3]

Mor til Bach døydde i 1694 og far hans berre åtte månader seinare.[4] Det ti år gamle foreldrelause barnet flytta inn med den eldste bror sin, Johann Christoph Bach, organisten ved det nærliggande Ohrdruf.[5] Der kopierte, studerte og framførte Johann Sebastian musikk og mottok verdifull lærdom frå bror sin, som gav han opplæring i klavikordspel. Broren viste han verka til dagens store komponistar frå sør i Tyskland, som Johann Pachelbel (som Johann Christoph hadde studert under)[6] og Johann Jakob Froberger, kanskje til musikken av komponistar frå nord i Tyskland, til franskmenn, som Jean-Baptiste Lully, Louis Marchand, Marin Marais, og til den italienske klaviaturspelaren Girolamo Frescobaldi. Nekrologen til Bach indikerer at han kopierte musikken frå notane til Johann Christoph, men bror hans hadde ikkje gjeve han løyve til å gjere slik, truleg fordi notane var kostbare og private handelsvarer på den tida.

Saman med den eldre skulekameraten George Erdmann, vann Bach eit korstipend for å studere ved den prestisjefylte St. Mikael-skulen i Lüneburg, ikkje langt frå Hamburg.[7] Bach var då fjorten år gammal. Dette innebar ei lang reise med venen, truleg gjort delvis til fots og delvis ved hjelp av hestetransport. Dei to åra hans der ser ut til å ha vore viktig for å få vidare kjennskap med europeisk kultur enn han ville ha erfart i Thüringen. Forutan å synge i a cappella-koret, spelte han truleg orgel og cembalo på skulen. Han lærte truleg fransk og italiensk og fekk eit solid grunnlag i teologi, latin, historie, geografi og fysikk. Han kom i kontakt med søner av nordtyske adelsmenn, sendt til den høgst selektive skulen for å førebu seg på karrierar innan diplomati, regjering og militæret. Det er truleg at han hadde viktig kontakt med organistar i Lüneburg, særleg Georg Böhm og at han vitja fleire av dei i Hamburg, mellom andre Johann Adam Reincken og Nicolaus Bruhns.[8] Gjennom desse musikarane fekk han truleg tilgang til dei største og prektigaste instrumenta han hadde spelt på så langt. Det er truleg at han under denne perioden vart kjent med musikken frå den nordtyske orgelskulen, særleg verka til Dietrich Buxtehude og desse musikkmanuskripta og avhandlingane om musikkteori til desse musikarane.

Frå Arnstadt til Weimar (1703-08)[endre | endre wikiteksten]

St. Bonifatius-kyrkja i Arnstadt
Mühlhausen 1650

Kort etter eksamenen hans i januar 1703, like etter at han ikkje hadde kome gjennom ei prøvespeling ved Sangerhausen,[9] fekk Bach ei stilling som hoffmusikar i kapellet til hertug Johann Ernst i Weimar, ein storby i Thüringen. Det er usikkert kvifor han virka her, men det let til at Bach hadde ikkje-musikalske plikter i tenarskapet. I løpet av dei sju månadane hans i Weimar vart hans ry som tangentspelar spreidd. Han vart invitert til å mønstre og gje innviingskonsert på det nye orgelet ved St. Bonifatius-kyrkja i Arnstadt.[10] Bach-familien hadde tette samband med denne eldste byen i Thüringen, omkring 180 kilometer sørvest for Weimar.[11] I august 1703 tok han stillinga som organist ved denne kyrkja, med enkle plikter, ei relativt sjenerøs løn og eit lekkert nytt orgel stemt etter eit moderne system som tillét bruk av ein vid skala tangentar. På denne tida var Bach oppteken av dei seriøse preludiekomposisjonane; desse verka viste alt stram motivisk kontroll i den nordtyske virtuose tradisjon, der ein enkelt kort musikkidé vert utforska med overtyding gjennom éin sats. I desse verka hadde ikkje komponisten enno utvikla seg fullt ut.

Sterke familieband og ein musikalsk entusiastisk arbeidsgjevar hindra ikkje spenning mellom den unge organisten og autoritetane etter fleire år i stillinga. Han var openbart ikkje tilfreds med standarden til songarane i koret; meir alvorleg var det uautoriserte fråværet hans frå Arnstadt i fleire månadar i 1705-06, då han vitja den store meisteren Dietrich Buxtehude og hans Abendmusik i den nordlege byen Lübeck. Denne velkjente hendinga i livet åt Bach gjorde at han gjekk omkring 400 kilometer kvar veg for å få vere saman med mannen han truleg såg som farsfiguren for tyske organistar. Turen styrkte stilen til Buxtehude og var eit grunnlag for dei tidlege verka til Bach. At han vart fleire månader lengre enn det han planla, tyder på at tida med den gamle mannen var av stor verdi for den skapande evna til Bach.

Trass i ei makeleg stilling i Arnstadt ser Bach ut til i 1706 å ha vorte klar over at han måtte frigjere seg frå familiemiljøet og kome seg vidare for å styrke karrieren sin. Han fekk tilbodet om ei meir lønsam stilling som organist i St. Blasius-kyrkja i Mühlhausen, ein stor og viktig by i nord. Året etter tok han opp leiarstillinga i kyrkja med langt betre betaling og vilkår, samt eit godt kor. Fire månader etter å ha kome Mühlhausen, gifta han seg med tremenningen sin frå Arnstadt, Maria Barbara Bach.[12] Saman fekk dei sju barn, der fire overlevde til vaksen alder. To av dei — Wilhelm Friedemann Bach og Carl Philipp Emanuel Bach — vart viktige komponistar i wienerklassisismen som følgde barokken.

Kyrkja og byrådet i Mühlhausen må ha vore stolte av sin nye musikkleiar: Raskt samtykte dei i planen hans om ei kostbar renovering av orgelet i St. Blasius-kyrkja og gleda seg så over den gjennomarbeida, muntre kantaten han skreiv for innviinga av det nye bystyret i 1708 — Gud er min konge (Gott ist mein König) BWV 71, i tydeleg Buxtehude-stil — at dei betalte kosteleg for forkynninga og to gonger i seinare år henta komponisten tilbake for å framføre den. Det same året fekk Bach likevel tilbodet om ei betre stilling i Weimar.

Weimar (1708–17)[endre | endre wikiteksten]

Stader der Bach oppheldt seg gjennom livet

Etter eit knapt år i Mühlhausen forlet Bach byen for å bli hofforganist og konsertmeister i det hertugelege hoffet i Weimar; ein stor skilnad frå den tidlegare stillinga hans der. Den rundhanda løna ved hoffet og høvet til å jobbe utelukkande med ei stor gruppe profesjonelle musikarar kan ha påverka trekket. Familien flytte inn i eit husvære berre fem minuttars gange frå hertugpalasset. I det følgjande året vart det første barnet deira født og dei kom saman med Maria Barbara si eldre, ugifte søster, som vart verande med dei for å vere hjelpe til i huset heilt ho døydde i 1729. I Weimar vart òg dei to musikalsk viktige sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel Bach født.

Eit tvilsamt[13] portrett av Bach som ung mann

Stillinga til Bach i Weimar markerte byrjinga på ein langvarig periode der han komponerte tangent- og orkesterverk og hadde oppnådd teknisk dugleik og sjølvtillit som komponist til å utvide den rådande storstilte oppbygginga og samanfatte påverknader frå utlandet. Frå musikken til italienarane som Vivaldi, Corelli og Torelli lærte han å skrive dramatiske opningar og tok i bruk disposisjonane deira, dynamiske rytmar og bestemte harmoniar. Bach lærte seg desse stilistiske aspekta overvegande ved å transkribere for cembalo og orgel ensemblekonsertane til Vivaldi; desse verka er framleis konsertfavorittar. Han kan ha teke opp ideen å transkribere den seinaste mondéne italienske musikken frå prins Johann Ernst, ein av arbeidsgjevarane hans, som var ein musikar av profesjonelt kaliber. I 1713 vendte greven tilbake frå ei reise i Nederlanda med ei stor manuskriptsamling, nokre av dei kanskje transkripsjonar av den blinde organisten Jan Jacob de Graaf. Bach var særleg tiltrekt av den italienske solo-tutti-strukturen, der ein eller fleire soloinstrument vekslar seksjon for seksjon med heile orkesteret gjennom ein sats. Desse italienske særprega kan ein høyre i utdraget under, i preludiet til Engelsk suite nr. 3 for cembalo (1714).

I Weimar hadde Bach høve til å spele og komponere for orgelet og å framføre eit variert repertoar av konsertmusikk med ensemblet til hertugen. Den meisterlege kontrapunktiske teknikken til Bach og den solide produksjonen av fuger starta i Weimar. Den største fugesamlinga hans er Det veltempererte klavér (Das wohltemperierte Clavier).[14] Den består av 48 preludium og fuger, to i kvar toneart.[15] Dette er eit monumentalt verk for den meisterlege bruken av kontrapunkt. For første gong tok eitt verk i bruk alle tangentane på instrument stemt ifølgje system som Andreas Werckmeister sitt.

Under tenesta si i Weimar byrja Bach å arbeide på Den vesle orgelboka (Orgelbüchlein) for den eldste sonen, Wilhelm Friedemann; denne inneheld tradisjonelle lutherske koralar, sett i komplekse strukturar for å vere hjelpeleg med opplæring av organistar. Boka illustrerer to store tema i livet til Bach: entusiasmen hans for å undervise og kjærleiken hans til koralen som musikkform.

Köthen (1717-23)[endre | endre wikiteksten]

Fiolinsonate nr. 1 i g-moll (BWV 1001) med handskrifta til Bach. Dette fotografiet av den første sida frå den første fiolinsonaten viser handskrifta til komponisten — rask og effektiv, men akkurat så biletleg utsmykka som musikken er.
Palasset og hagar i Köthen i ei gravering frå Matthäus Merian si Topographia (1650)

Enno ein gong byrja Bach å leite etter ein meir stabil jobb som kunne fremme dei musikalske interessene hans. Fyrst Leopold av Anhalt-Köthen hyra Bach til å tene som kapellmeister. Fyrst Leopold, som sjølv var musikar, sette pris på talentet til Bach, betalte han godt og gav han mykje spelerom i å komponere og framføre. Likevel var fyrsten kalvinist og dyrka ikkje sakral musikk; derfor var dei fleste av verka til Bach frå denne perioden verdslege,[16] mellom anna Orkestersuitar, Seks cello-suitar og Sonatar og partitaer for solofiolin. Dei velkjende Brandenburgkonsertane er òg frå denne tida.[17]

Medan Bach var i utlandet med fyrst Leopold døydde, tragisk og uventa, kona og mor til dei første sju barna hans Maria Barbara den 7. juli 1720. Enkemannen møtte året etter Anna Magdalena Wilcke, ein ung, særs dyktig sopran som song ved hoffet i Köthen. Dei gifta seg 3. desember 1721.[18] Trass i aldersskilnaden — ho var 17 år — ser dei ut til å ha hatt eit vellukka ekteskap. Saman fekk dei meir enn 13 barn, mellom andre Gottfried Heinrich, Johann Christoph Friedrich og Johann Christian skulle verte viktige musikarar. Vidare overlevde tre til moden alder: Elisabeth Juliane Friederica (1726-81) (som gifta seg med eleven til Bach, Johann Christoph Altnikol), Johanna Carolina (1737-81) og Regina Susanna (1742-1809).[19]

Leipzig (1723–50)[endre | endre wikiteksten]

I 1723 vart Bach tilsett som kantor for Thomasschule ved Thomaskyrkja (den lutherske Thomaskirche) i Leipzig og som musikalsk leiar for kyrkja i byen.[20] Dette var ei prestisjefylt stilling i den leiande kjøpmannsbyen i Sachsen, eit kurfyrstedøme som grensa til Thüringen. Om ein ser bort frå den korte tenesta hans i Arnstadt og Mühlhausen, var dette den første statsstillinga til Bach i ein karriere der han hovudsakleg tente aristokratiet. Denne stillinga, som han skulle ha til han døydde 27 år seinare, førte han i kontakt med dei politiske planleggingane til arbeidsgjevaren hans, bystyret i Leipzig. Bystyret omfatta to fraksjonar: tilhengjarane av einveldet, lojal til Sachsen-monarken i Dresden, August den sterke; og kjøpmannsfraksjonen, som representerte interessene til kjøpmannsklassen, lauget og lågadelen. Bach var ønska av monarkistane, særleg borgarmeisteren Gottlieb Lange, ein advokat som tidlegare hadde tent ved hoffet i Dresden. Til gjengjeld for å samtykke i stillinga til Bach vart kjøpmannsfraksjonen innvilga kontroll over skulen og Bach måtte godta nokre kompromiss i sine arbeidsvilkår.[21] Sjølv om det ser ut til at ingen i hoffet tvilte på det musikalske geniet til Bach, var det ei pågåande spenning mellom kantoren, som såg på seg sjølv som leiar for kyrkjemusikken i byen, og kjøpmannsfraksjonen, som såg på han som overhovud for skulen og ville legge mindre vekt på religiøs musikk både i skulen og kyrkja. Bystyret betalte aldri dei 1000 talar i året Lange hadde lova, men Bach og familien hans fekk ei mindre inntekt og ei god leilegheit i den eine enden av skulebygningen, som i 1732 gjekk gjennom ein kostbar renovasjon.

Jobben til Bach kravde at han måtte undervise studentar ved Thomasschule i song og framføre musikk kvar veke i dei to hovudkyrkjene i Leipzig, Thomaskyrkja og Nikolaskyrkja. Posten hans innebar òg at han måtte undervise i latin, men han fekk lov å få nokon til å gjere dette for seg. I eit kraftig kreativt utbrot skreiv han opp mot fem årlege kantatesyklusar dei første seks åra i Leipzig (to av dei skal ha gått tapt). Dei fleste av desse verka utskrivne for fleire stemmer tolka evangeliet for kvar søndag og festdagane i det lutherske året. Mange vart skrivne ved å nytte tradisjonelle salmar, slik som «Wachet auf, ruft uns die Stimme» og «Nun komm, der Heiden Heiland», som inspirasjon.

For å øve på og framføre desse verka i Thomaskyrkja, sat truleg Bach ved cembaloen eller stod føre koret i det nedre galleriet på vestenden. Han ville då ha sett opp mot orgelet som stod fire meter over. Byrådet gav han berre åtte permanente musikarar, noko som var opphav til mindre usemjer med kantoren, som måtte hyre inn resten av dei om lag 20 musikarane som måtte til frå universitet, skulen eller ålmenta. Orgelet eller cembaloen vart truleg spelt av komponisten (når han ikkje stod for å dirigere), husorganisten, eller ein av dei eldre sønene til Bach, Wilhelm Friedemann eller Carl Philipp Emanuel.

Bach fekk tak i sopranar og altstemmer frå skulen og tenorar og bassar frå skulen eller andre stader i Leipzig. Framføringar i bryllaup og gravferder gav ekstra inntekter til desse gruppene. Det var truleg på grunn av dette og for intern opplæring at han skreiv minst seks motettar, hovudsakleg for dobbeltkor. Som ein del av det vanlege kyrkjearbeidet, framførte han motettar frå den venetianske skulen og tyskarar som Heinrich Schütz. Dei var òg modellar for hans eigne motettar.

Etter å ha brukt det meste av 1720-åra på å komponere kantater, hadde Bach samla seg eit stort repertoar av kyrkjemusikk for dei to hovudkyrkjene i Leipzig. Han ønskte no å gjere andre former og spele utanfor liturgien. I mars 1729 tok han over styrevervet i Collegium Musicum, ei verdsleg utøvargruppe som vart starta i 1701 av den gamle venen hans, komponisten Georg Philipp Telemann. Dette var ein av fleire titals private foreiningar i dei tysktalande byane som vart oppretta av musikalsk aktive universitetsstudentar. Desse foreiningane hadde kome til å spele ei viktig rolle i det offentlege musikklivet og var ofte leia av dei mest framståande profesjonelle musikarane i byane. Det var med andre ord eit smart trekk av Bach som gjorde at han fekk grep om dei viktigaste musikalske institusjonane i Leipzig.[22] Det meste av året gav Collegium Musicum i Leipzig totimarskonsertar to gonger i veka i Zimmerman-kafeen på Catherine Strasse, like ved hovudmarknadsplassen. Eigaren skaffa ein stor hall og fekk fatt i fleire musikkinstrument. Mange av verka til Bach i løpet av 1730- og 1740-åra vart truleg skrivne for og framførte av Collegium Musicum. Av desse var nesten heilt sikkert delar av Clavier-Übung (Klaverøving) og mange av fiolin- og cembalokonsertane.

Kafeen til Zimmerman i Leipzig, der Bach sitt Collegium Musicum heldt regelmessige konsertar.

I denne perioden komponerte han Kyrien og Gloriaen i Messe i H-moll og i 1733 presenterte han manuskriptet til kongen av Polen, storhertug av Litauen og kurfyrste av Sachsen, August II i eit forsøk på å overtale monarken til å utpeike han til kongeleg hoffkomponist. Seinare utvida han dette verket til ei heil messe, ved å legge til ein Credo, Sanctus og Agnus Dei. Musikken var nesten utelukkande teken frå somme av dei beste kantatesatsane hans. Bach vart utpeikt til hoffkomponist og dette ser ut til å ha vore ein del av den langvarige kampen hans om å få betre forhandlingsposisjon med byrådet i Leipzig. Sjølv om den fullstendige messa truleg aldri vart framført i levetida til komponisten,[23] vert det rekna som eit av dei største koralverka gjennom tidene. Mellom 1737 og 1739 tok den tidlegare eleven til Bach, Carl Gotthelf Gerlach over styrevervet i Collegium Musicum.

I 1747 gjekk Bach til hoffet til Fredrik II av Preussen i Potsdam, der kongen spelte eit tema for Bach og utfordra han til å improvisere ein fuge basert på temaet hans. Bach improviserte ein tredelt fuge på Fredrik sitt pianoforte, noko som då var nytt, og presenterte seinare for kongen eit Musikalsk offer som bestod av fuger, kanonar og ein trio basert på temaet til kongen. Den seksdelte fugen inneheld eit litt anna tema som var meir passande å utdjupe.

Die Kunst der Fuge, var publisert uferdig etter Bach var død, men truleg skriven fleire år før han døydde. Det består av 18 komplekse fuger og kanonar basert på eit enkelt tema.[24] Det er eit magnum opus innan tematisk transformasjon og kontrapunktiske teknikkar og vert ofte omtalt som oppsummeringa av polyfone teknikkar.

Det siste verket Bach komponerte var eit koralpreludium for orgel, diktert til svigersonen Johann Altnikol, frå dødsleiet. Det heiter Vor deinen Thron tret ich hiermit (Føre trona di står eg no, BWV 668a).[25] Koralen vert ofte spelt etter den uferdige 14. fugen som avslutning i Die Kunst der Fuge.

Død (1750)[endre | endre wikiteksten]

Den siste kvilestaden til Bach, Thomaskyrkja i Leipzig

Helsa til Bach vart truleg dårleg i 1749.[26] Bach fekk stadig dårlegare syn, og augelegen John Taylor, som hadde utført ein mislukka augeoperasjon på Händel, opererte på Bach då han var i Leipzig i 1750. Bach døydde den 28. juli 1750, 65 år gammal. Ei avis rapporterte at «dødsfallet var uheldige omstende etter ein særs mislukka augeoperasjon»[27] Somme moderne historikarar har spekulert i at dødsårsaka var eit slag etter lungebetennelse.[28][29][30]

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Bach fullendte den polyfone stilen, og med uforlikeleg teknikk og glimrande fantasi skapte han grunnleggande verk både innan kyrkjemusikk og verdsleg musikk. Han blanda impuls frå eldre tyske, franske og italienske komponistar, og foreinte den tradisjonelle polyfone stilen med ein harmonikk bygd på dur og moll. Bach førte mellom anna fugen til det absolutte høgdepunktet for denne musikkforma.

I samtida var Bach mest kjend som ein glimrande organist, men få av musikkverka hans vart trykte medan han levde. Fleire av klaver- og orgelverka hans spreidde seg noko gjennom avskrifter. Då Matteuspasjonen vart sett opp av Mendelssohn i 1829 starta ein Bach-renessanse, som fekk eit kraftig oppsving då den store utgåva av dei samla verka hans kom ut andre halvdel av 1800-talet.

Musikkverk[endre | endre wikiteksten]

Sjå Musikkverka til Bach.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jones, Richard (2007). The Creative Development of Johann Sebastian Bach. Oxford University Press. ss. 3. ISBN 0-19-816440-8. 
  2. Malcolm Boyd, Bach (New York: Oxford University Press, 2000), 6
  3. Trykt omsetjing av The Bach Reader (ISBN 0-393-00259-4)
  4. Russell H. Miles, Johann Sebastian Bach: An Introduction to His Life and Works (Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall, Inc, 1962), 8.
  5. Malcolm Boyd, Bach (New York: Oxford University Press, 2000), 7-8.
  6. Christoph Wolff, Johann Sebastian Bach: The Learned Musician (New York: W.W. Norton and Company, Inc., 2000), 19.
  7. Wolff, Christoph (2000). Johann Sebastian Bach: The Learned Musician. W. W. Norton & Company. ss. 41–43. ISBN 0-393-04825-X. 
  8. Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 13.
  9. Rich, Alan (1995). Johann Sebastiam Bach: Play by Play. Harper Collins. ss. 27. ISBN 0-06-263547-6. 
  10. Jan Chiapusso, Bach’s World (Scarborough, Ontario: Indiana University Press, 1968), 62.
  11. Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 16-17.
  12. JS Bach Biografi: Mühlhausen
  13. http://www.npj.com/thefaceofbach/09w624.html
  14. Jan Chiapusso, Bach’s World (Scarborough, Ontario: Indiana University Press, 1968), 168.
  15. Albert Schweitzer, J. S. Bach: Volume I (New York: The Macmillan Company, 1950), 337.
  16. Russell H. Miles, Johann Sebastian Bach: An Introduction to His Life and Works (Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall, Inc., 1962), 57.
  17. Malcolm Boyd, Bach (New York: Oxford University Press, 2000), 74.
  18. Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 50.
  19. Wolff 1983, s. 98, 111
  20. Russell H. Miles, Johann Sebastian Bach: An Introduction to His Life and Works (Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall, Inc., 1962), 86-87.
  21. Butt, John (28 June 1997). The Cambridge Companion to Bach. Cambridge University Press. ss. 17–34. ISBN 0521587808. 
  22. Wolff, Christoph (2000). Johann Sebastian Bach: The Learned Musician. W. W. Norton & Company. s. 341. ISBN 0-393-04825-X. 
  23. Gerhard Hertz, Essays on J.S. Bach (Ann Arbor, Michigan: UMI Research Press, 1985), 187.
  24. Jan Chiapusso, Bach’s World (Scarborough, Ontario: Indiana University Press, 1968), 277.
  25. Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 256.
  26. Wolff, Christoph (2000). Johann Sebastian Bach: The Learned Musician. W. W. Norton & Company. s. 442. ISBN 0-393-04825-X. , from David HT og Mendel A (eds), The new Bach reader: a life of Johann Sebastian Bach in letters og documents, revised og expanded by Wolff C, New York, 1998
  27. Mendel 1999, s. 188
  28. Breitenfeld, Tomislav; Solter, Vesna Vargek; Breitenfeld, Darko; Zavoreo, Iris; Demarin, Vida (2006-01-03). «Johann Sebastian Bach's Strokes» (PDF). Acta Clinica Croatica (Sisters of Charity Hospital) 45 (1). 
  29. Baer, Ka. (1956). «Johann Sebastian Bach (1685–1750) in medical history». Bulletin of the Medical Library Association (Medical Library Association) 39 (206). 
  30. Breitenfeld, D.; Thaller V, Breitenfeld T, Golik-Gruber V, Pogorevc T, Zoričić Z, Grubišić F (2000). «The pathography of Bach's family». Alcoholism 36: 161–64. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Sebastian Bach

Notar[endre | endre wikiteksten]

God artikkel