BACH-motivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
BACH-motivet

BACH-motivet er innan musikken notesekvensen b, a, c og h. Dette firenotarsmotivet har vorte brukt av mange komponistar, vanlegvis som ein hyllest til Johann Sebastian Bach. Det fyrste kjende eksempelet finst allereie i eit stykke av Jan Pieterszoon Sweelinck. Det er mogleg, men ikkje stadfest, at han brukte det det for å hylle ein av Johann Sebastian sine forfedrar — fleire av dei var òg musikarar.

Moglegheita å setje etternamnet Bach til tonar på dette viset kjem av at den tyske (og skandinaviske) B viser til det som i engelsk blir kalla B flat (nederlandsk «bes»), medan H er den tonen som på engelsk blir kalla B.

J.S. Bach sjølv brukte motivet i ein fuge i den avsluttande delen av Die Kunst der Fuge (BWV 1080) — eit arbeid han ikkje fullendte før han døydde i 1750. Det kan sjå ut til at motivet finst i fleire av dei andre verka hans òg; som i slutten av den fjerde av dei kanoniske variasjonane av «Vom Himmel Hoch» (BWV 769). Førekomsten i nest siste noterekkje i Kleines harmonisches Labyrinth (BWV 591) vert ikkje rekna som særleg framtredande, og dette arbeidet kan til og med vere uekte (Johann David Heinichen vert av nokon rekna som den eigentlege komponisten). Motivet finst i Matteuspasjonen, i avsnittet der koret syng «Denne mann var sikkert Guds eigen son». I mange stykke blir ikkje sjølve notane B-A-C-H bruka, men snarare ei transponering av dei.

Motivet vert ofte brukt av andre komponistar i fuger eller anna kompleks polyfon musikk — kanskje fordi Bach sjølv brukte det i siste satsen av Die Kunst der Fuge — ein fuge som har ry som den legendariske fullkomne fugen (som rettnok aldri vart fullført av komponisten).

Arbeid som på ein framtredande måte brukar BACH-motivet er blant andre, i kronologisk rekkjefølge: