Diego Rivera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diego Rivera i 1932
Fresko over Mexicos historie i nasjonalpalasset i Mexico-byen

Diego María de la Concepcíon Juan Nepomuceno Estanislao de la Rivera y Barrientos Acosta y Rodríguez (8. desember 188624. november 1957) var ein meksikansk målar frå byen Guanajuato. Han er særleg kjend for å ha måla ei rad store og monumentale bilete i offentlege bygningar, både i og utanfor Mexico. Rivera var gift med, mellom andre, målaren Frida Kahlo.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rivera reiste i unge år til Paris for å få innblikk i nye kunstretningar. Han busette seg i bydelen Montparnasse, der venen Amedeo Modigliani portretterte han i 1914. I Paris vart han særleg inspirert av kubismen.

Tidleg på 1920-talet vende Rivera tilbake til Mexico. Allereie i 1921 gjekk han i gang med å måle freskoar i offentlege bygningar. I bileta sine synte han fram det meksikanske folkelivet og den stadeigne historia. Særleg merksemd retta han mot folkeoppstandane, dei meksikanske tema sette han oftast inn i ein kritisk, politisk samanheng. Stilen hans henta impulsar frå realisme og førkolumbiansk-mesoamerikansk kunst og kombinerte desse på ein original måte.

Politisk engasjerte Rivera seg i den kommunistiske rørsla. Han reiste til Moskva, men der vart han utvist grunna sin anti-sovjetiske ståstad i mange spørsmål. I 1929 vende han tilbake til Mexico og gifta seg med den 22-år gamle Frida Kahlo.

Frå 1930 til -33 laga Rivera ei rad freskoar i USA. Desse skildra i fyrste rekke livet i den industrielle verda. I 1933 opplevde han at freskoen Man at the Crossroads (Mennesket ved skiljevegen) i Rockefeller Center i New York City vart teke ned. Biletet vart fjerna etter oppstyr over at Vladimir Lenin var portrettert i freskoen. Den negative omtalen førte til at han ikkje fekk måle ein bestilt fresko til Verdsutstillinga i Chicago. Harm og audmjuka vende han i desember 1933 tilbake til Mexico.

Nokre få år etter at kona, Frida Kahlo, tok livet sitt i 1954, fekk Rivera påvist ei sjeldan form for kreft og døydde 24. november 1957. Han er gravlagd i Panteon de Dólores i Mexico-byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]