Diktet Annendagsfesten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Annendagsfesten er eit av dei mest kjende episke dikta til Ingeborg Refling Hagen, og fortel historia om fattiggjenta Else, som er «bortsett på en storgard øst ved fjorden». Diktet inneheld mykje av den same sosiale kritikken ein finn i Hagens tidlege noveller, men her er det og snakk om kulturarv.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Else fortel handlinga i diktet retrospektivt medan ho ligg for døden. Lydaren er ein prest ho har bodsendt, sidan ho ikkje orker å tilgje det som ein gong hende med ho. Ho reknar med at presten kan lyse fred over ho, sidan tilgjeving må til for å oppnå frelse.

Då Else var lita, vart ho sett bort på legd til ein storgard, og var barnejente. Men ho hadde tilgang på ein rik slektsarv, viser og folketonar, og var god til å synge. Dette syner seg å bli ei mogleg redning. Læraren i bygda har skjøna kva Else kan, og bed ho om å hjelpe dei andre når jentekoret skal synge julesongar på annendagsfesten på den andre sida av fjorden. Så Else tek samvetsfullt i, og greier sistpå å lære opp jamvel dei treigaste i flokken til å synge. For dette blir ho lovt både "skor og kjole", og presten bed ho om å stå "fremst i koret". Ho ser svært fram til dette.

Men same kvelden som festen skal til, blir ho brått beden om å halde seg heime for å «gi veslegutten mat». Ho blir harm og svarar attende, men får vita at dei ikkje treng ho når dei kan synge likevel. Og så blir ho ståande att når dei andre fer. Diktet veks til ein dramatisk visjon av svik, der Else kjenner at ei ugle utanfor glaset varslar død. Ho stiller seg i det opne glaset og syng med av alle krefter til bringa brest, og husfolket finn ho sjuk. Etter det, og ein får tru resten av livet, syng ho aldri meir. «Alle klokken inni brystet tagte stilt som dom var rustne». Og ho kan aldri tilgje det som vart gjort mot ho.

Diktet ender med at ho døyr, men kjenner på seg sjølv at ho ikkje evner å ta imot nåden ho visseleg fortener.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Diktet inneheld ein klår klassekritikk, der den herskande gruppa ranar (diktets eigne ord) kulturarven frå den undertrykte gruppa (husmannsjenta) for å dra nytte av han sjølv. I eit samfunnsperspektiv kan dette tolkast som kritikk av "sviket mot folket", der ein opphevjar noko til «kultur» ved å fråkjenne den opphavlege gruppa retten til arvegodset. Prinsippa i denne tankegangen førte seinare til opprettinga av kulturrørsla Suttung.

På eit individuelt plan kan ein sjå diktet som eit oppgjer med synet på kunstnarar, som gjerne gjer store arbeid for fellesskapen utan kjensle av skikkeleg takksemd.

Ein del av problemstillinga er og nytta i novella Svartsnær, der kulturarven blir nytta som tilflukt og trøyst.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Annendagsfesten har vore mykje nytta til opplesing, både som solonummer og i grupper. Det er truleg eit av Refling Hagens mest framførte dikt, og er og publisert fleire gonger. Tematikken i diktet har gjort det mykje nytta i Suttungrørsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]