Dili
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dili | |
|---|---|
| Dili med Atauro-øya i bakgrunnen. | |
| Styresmakter | |
| Land | Aust-Timor |
| Grunnlagd | 1520 |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By |
om lag 150.000 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | UTC +9 (UTC9) |
| Plassering | |
Dili er namnet på hovudstaden i landet Aust-Timor. Han ligg på nordkysten av øya Timor.
Dili blei etablert i 1520 av portugisiske kolonibyggarar, og gjort til hovudstad i Portugisisk Timor i 1596. I 1999 blei han i stor grad øydelagt under frigjeringskampen. Byen husar 150 000 av dei 800 000 innbyggjarane i Aust-Timor, og er den viktigaste hamnebyen, flyplassbasen og det viktigaste handelssenteret i landet.