Aust-Timor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republika Demokratika Timor Lorosa'e
Republica Democratica de Timor-Leste
('Den demokratiske republikken Aust-Timor')

(norsk: Aust-Timor, austtimoresisk)

Det austtimoresiske flagget Det austtimoresiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pátria»
Motto Portugisisk: Honra, Pátria e Povo (Ære, land og folk)
Geografisk plassering av Aust-Timor
Offisielle språk Tetum og portugisisk
Hovudstad Dili
Styresett
Republikk
José Ramos-Horta
José Maria Vasconcelos (Taur Matan Ruak)
Flatevidd
 – Totalt
 
14 874 km² (156.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 291 358 (.)
86,8 /km² (97.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Portugal

28. november, 1975
20. mai, 2002
Nasjonaldag 20. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 101 mill. USD (159.)
6 100 USD (133.)
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC+9
Telefonkode +670
Toppnivådomene .tp



Den demokratiske republikken Aust-Timor, eller Timor-Leste, er eit land i Asia som består av den austlege delen av øya Timor. Landet ligg mellom Indonesia og Australia. Etter 400 år som portugisisk koloni, 25 år med indonesisk okkupasjon (som kosta ein tredel av folket livet) og 30 månader med overgangsstyre under FN, vart Aust-Timor sjølvstendig 20. mai 2002.

Kart over Aust-Timor

Klima[endre | endre wikiteksten]

Aust-Timor har eit tropisk klima. Årsnedbøren er 1000-2000 mm og kjem hovudsakleg i perioden november-mai, medan resten av året har tørketid. Middeltemperaturen for hovudstaden Dili varierer mellom 24 °C i august og 27 °C i november-april. Kvart 3. til 4. år har ein hatt lengre tørkeperiodar som har ført til alvorlege skadeverknader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Øst-Timor – klima» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Aust-Timor» på Wikipedia på bokmål/riksmål.