Diofantos frå Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diofant, òg kjent som Diofantus av Alexandria (gresk: Διόφαντος ὁ Ἀλεξανδρεύς, levde kring 200/214 – kring 284/298) var ein gresk matematikar i den hellenistiske perioden. Det er lite som er kjent om livet hans, bortsett frå at han budde og virkte i Alexandria i Egypt. Han arbeidde i den greske matematiske tradisjonen, særleg innanfor talteori.

Diofant blir ofte rekna som opphavet til algebraen, fordi hovudverket hans Arithmetica inneheld dei tidlegaste tilfella av det vi kallar synkopert algebra. Fleire av verka hans er derimot gått tapt, til dømes er det berre bevart seks av 13 bøker av hovudverket Arithmetica. Her prøver han å innføre eit algebraisk teiknspråk, handsamar likningar og likningssystem med stor dugleik, og gjev ikkje alltid slutningane sine i geometrisk form, som i den tidlegare greske perioden.

Mest kjend er undersøkingane hans av diofantiske eller uavgrensa likningar, der han avgjer heiltalige eller rasjonale løysingar av likningssystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]