Diran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordvestveggen på Diran

Diran er eit 7 266 meter over havet høgt fjell i Karakoram i det nordlege Pakistan. Fjelltoppen ligg i Rakaposhi-Haramosh-fjella, om lag 15 km aust for Rakaposhi, den høgste toppen i fjellområdet.

Tre austerrikske klatrarar nådde toppen av Diran den 17. august 1968. Mellom dei tre var Hanns Schnell, som tre år seinare var mellom fyrstebestigarane av Malubiting, ein annan fjelltopp i Rakaposhi-Haramosh-fjella.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]