Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
اسلامی جمہوریۂ پاکستان
islāmī jamhūriya-i-pākistān

(norsk: Pakistan, pakistansk)

Det pakistanske flagget Det pakistanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Qaumi Tarana»
Motto اتحاد، تنظيم، يقين مُحکم (Ittehad, tanzim, yaqeen-e-muhkam, 'Eining, disiplin og tru')
Geografisk plassering av Pakistan
Offisielle språk Urdu og engelsk
Hovudstad Islamabad
Styresett
Republikk
Mamnoon Hussain
Mian Nawaz Sharif
Flatevidd
 – Totalt
 
796 095 km² (35.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
190 291 129 (6.)
239 /km²
Sjølvstende
frå Storbritannia
14. august 1947
Nasjonaldag 23. mars
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
451 200 mill. USD (27.)
2 400 USD (150.)
Valuta Pakistansk rupi
Tidssone UTC +5
Telefonkode +92
Toppnivådomene .pk


Pakistan (urdu پاکستان) er eit land i Sør-Asia med grense til Iran, Afghanistan, India og Kina og kyst til Det arabiske havet i sør. Landet har knapt 160 millionar innbyggjarar, og er det sjette folkerikaste i verda. Det er det andre største muslimske, etter Indonesia, og også det andre største sjiamuslimske etter Iran.

Pakistan blei danna som ein stat for muslimane i Britisk India i 1947. Landet var sett saman av to ikkje-samanhengande delar, og den austlege reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh. Pakistansks historie har vore prega av politisk uro, militært styre og både indre og ytre konfliktar.

Landet dekker store delar av området der Indussivilisasjonen utvikla seg i oldtida. Det blei seinare påverka av vediske, persiske, greske og turko-mongolske og britiske innflyttarar og erobrarar, og har utvikla sine eigne hinduiske, buddhistiske, muslimske og sikhistiske tradisjonar.

Nord i Pakistan ligg nokre av verdas høgaste fjell, som K2 og Tirich Mir. Indus er ei viktig elv som renn gjennom store delar av landet. I sør finn ein tørre område som Balutsjistan og ørkenen Thar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Pakistan blei danna av Chaudhri Rahmat Ali i 1933 som eit persisk ord med tydinga 'landet åt dei skire' (det vil seia rettruande muslimar), samstundes som det kombinerte bokstavar frå namna på områda muslimane i Britisk India gjorde krav på: Punjab, Afghania, Kashmir, Sindh og Balutsjistan.

Kart over Pakistan

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografi[endre | endre wikiteksten]

8 av verdas 20 høgaste fjell ligg Pakistan. I nordlege Pakistan finn ein fjellkjeda Hindukush med Tirich Mir (7690 moh.), og nordaust i pakistansk Kashmir ligg Karakoramfjella, ein utløpar frå Himalaya, med det høgaste fjellet i landet, K2 (8616 moh.).

Storelva Indus renn inn i landet frå indisk Kashmir, først mot nordvest, deretter mot sørvest og sørover. Saman med bielver som Jhelum, Chenab, Ravi og Sutlej dannar elva Indussletta, ein del av Det nordindiske låglandet. I sør munnar elva ut med eit delta i Det arabiske havet.

I søraust, mot grensa til India, ligg Tharørkenen. I sørvest ligg høglandet Balutsjistan, gjennomskore av fjellkjeder og tørre bekkar. Langs grensa til Afghanistan ligg ville fjellstrøk med tronge fjellpass, som Khyberpasset, som einaste farbare veg.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kvinner ved ein vasskjelde i eit elles tørt landskap i Sindh.
Foto: Shabbir Siraj

Tharørkenen dekkar dei austlege områda av Pakistan, og er eit svært tørt og varmt område. Mai er den varmaste månaden og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen varierer frå 35 °C i Karachi ved kysten til 42 °C i Hyderabad. Jacobabad har målt heile 52 °C, som er det varmaste som er målt i Asia. Karachi har ein normal årsnedbør på 198 mm. Dei sentrale områda får dermed merke monsunen i større grad, og i Islamabad er den årlege nedbørsnormalen 961 mm.

Låglanda lengst nord i Pakistan kan få frost og ein god del tåke om vinteren, og som i Kashmir like ved kjem det nedbør både om vinteren og sommaren. Dei høge fjella i Kashmir og dei andre nordvestlege områda får monsunen seint på året, og det kjem ofte snø om vinteren. Peshawar, som ligg i nordvest, har ein årleg nedbørsnormal på 344 mm.

Hunzadalen i Pakistan.
Foto: Joonas Lyytinen

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pakistansk natur.

Medan fjellsidene i nord er dekte av alpin og subalpin skog, er plantelivet elles i Pakistan prega av gras og buskvekstar, med få og spreidde tre. I vest veks plantar tilpassa eit tørt klima, medan ørkenområda har svært få plantar. Ved kysten i sør veks mangroveskog.

Når det gjeld dyr ligg Pakistan på grensa mellom den orientalske og den palearktiske regionen. Landet har over 150 pattedyr-, over 174 krypdyr-, over 730 fugle- og 16 amfibieartar, med hovdyr som villgeiter og nilgau, rovdyr som snøleopard og brunbjørn, gnagarar som hamster og ørkenrotte, marine dyr som indusdelfin og havskjelpadde, fleire rovfuglar og gribbar. Stor skruegeit (markor) er nasjonaldyret og berghøne er nasjonalfuglen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketettleik i Pakistan.

Det estimerte folketalet i Pakistan var over 180,8 millionar i 2009, noko som gjorde det til verdas sjette folkerikaste land. Landet har også ein kraftig årleg folketalsvekst (2,6 % i perioden 1993–2003), og er forventa å få 220 millionar innbyggjarar i 2020. Dei siste åra har både talet på fødslar og dødelegheit byrja synka. Forventa levealder ved fødsel var 63 for kvinner og 62 for menn i 2006.

I 2005 var folketettleiken 204 per km², med store variasjonar mellom ulike område. Dei fleste innbyggjarane sør i Pakistan bur langs Indus, særleg i storbyen Karachi ved munningen. I nord bur dei fleste i bogen danna av byane Lahore, Faisalabad, Rawalpindi, Islamabad, Gujranwala, Sialkot, Gujrat, Jhelum, Sargodha og Sheikhupura. Landet har lenge vore det mest urbaniserte i Sør-Asia, og 36 % av pakistanarar bur i byar.

Kart som viser utbreiinga av språk i Pakistan.

Dei mange historiske invasjonane og folkevandringa ved opprettinga har gjeve Pakistan eit samansett innbyggjarbilde. Over halvparten av pakistanarar er pandjabarar, dei fleste lever av landbruk i Panjab. Andre hovudgrupper er sindhitalande i sør, urdutalande, fleire av dei av indisk opphav, ofte busette i byar og med i den politiske eliten, og pasjtunar (pathanar) som i stor grad er organiserte i stammar og held til i stammeområda nordvest i landet og sørvest i Balutsjistan. Her finn ein også balutsjarar og brahuifolk. Fleire afghanske flyktningar bur også i landet, dei fleste i Khyber Pakhtunkhwa.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Urdu er offisielt språk i Pakistan. Rundt 90 % av innbyggjarane forstår språket, men berre rundt 12 millionar har det som morsmål. Panjabi er det største språket i landet med rundt 80 millionar brukarar, følgd av sindhi med 18,5 millionar. Landet har fleire indoariske språk, dardspråk og iranske språk, og eitt dravidisk språk, brahui.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalet, om lag 95 %, av innbyggjarane er muslimar. 75 % av desse høyrer til sunni- og 20 % sjiaislam. Ahmadiyya, som sjølv kallar seg muslimar, blir ikkje offisielt rekna som muslimske. Dei største religiøse minoritetane er hinduar og kristne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mohenjo-Daro i Sindh.

Tidlege menneske, Homo erectus, slo seg ned i Punjab for rundt 2 millionar år sidan. Steinalderbyen Mehrgarh i Balutsjistan er ein tidleg funnstad for jordbruk. Det er funne spor etter tidlege bronsealderkulturar fleire stader i landet, mellom anna Kot Diji nær Mohenjo-Daro, som er ein av dei viktigaste byane i den påfølgjande Indussivilisasjonen. Sivilisasjonen nådde eit høgdepunkt rundt 2300 f.Kr., men forsvann rundt 1800 f.Kr. av ukjende grunnar. Seinare grunnla ariarar ein tidleg hinduisk kultur lenger aust på Gangessletta.

På 500-talet f.Kr. blei store delar av dagens Pakistan annektert av Persarriket og gjort til ein persisk provins. På 300-talet f.Kr. kom ein gresk her leidd av Aleksander den store inn i området og grunnla det indo-greske kongedømet. Det blei deretter erobra av Mauryariket frå aust, og kom under buddhistisk påverknad, særleg i Gandhara.

Hellenistiske baktriske herskarar kom inn frå nordvest på 100-talet f.Kr. Fleire innvandringsbølgjer frå Sentral-Asia følgde. Det indiske Guptariket spreidde seg til Chenab og nedre Indus frå 300- til 500-talet.

Maharajah Duleep Singh, siste herskaren av Punjab, eskortert inn i palasset i Lahore av britiske troppar.

Islam kom først til Sindh på 600-talet. Nedre Indusdalen blei erobra av ein arabisk hær i 711/12, og området fekk nære band til Bagdad under abbasidane. Sjiaislam blei utbreidd i Multan på 800-talet. Sunnimuslimske Mahmud av Ghazni førte aggressive kampanjar mot hinduane i områda han styrte. Då han døydde i 1030 blei Lahore hovudstad og eit muslimsk kultursentrum. Hovudstaden blei flytta til Delhi sist på 1100-talet, og store delar av Pakistan og Nord-India var eitt rike under Khalji-sultanatet (1290–1320), Tugluq-dynastiet (1320–1413), Sayyid-herskarane (1414–51), Lodi-dynastiet (1451–1526) og Mogulkeisarane (1526–1857). Det svekka Mogulriket mista stadig meir makt og område til Det britiske austindiakompaniet, og blei etterkvart del av Britisk India.

I samband med krava om sjølvstende for India, gjekk fleire indiske muslimar inn for at dei 100 millionar muslimane som budde der måtte få sin eigen stat. I 1938 blei saka teken opp av Muslim League leidd av Muhammed Ali Jinnah. Då den britiske kolonien fekk sjølvstende i 1947 blei område med muslimsk fleirtal i nordvest og nordaust skilde ut som staten Pakistan. Delinga av India og Pakistan førte til at millionar av menneske måtte kryssa grensa til det landet dei etter religionen sin skulle høyra til. Det oppstod stor uro i dei svært blanda områda Punjab og Bengal, og mange menneske blei drepne, bortførte, valdtekne og rana. Etter flyttinga var framleis nokre hinduar att i Pakistan, og eit stort tal muslimar igjen i India. I 1948 kjempa landet sin første krig mot India over Kashmir, som hadde muslimsk fleirtal men var blitt innlemma i India av den hinduiske herskaren sin.

Sjølvstendige Pakistan var opphavleg dominion i Det britiske samveldet med Jinnah som generalguvernør. Politisk var landet prega av motestjingar mellom liberale og ortodokse muslimar, mellom regionar i Vest-Pakistan, og mellom Aust- og Vest-Pakistan. Fleirtalet av pakistanarar budde i aust, men makta låg i vest. Det geografiske og kulturelle skiljet mellom landsdelane gjorde også tilhøvet vanskeleg. I 1956 blei Pakistan republikk. Frå 1958 blei landet eit militærdiktatur under Ayub Khan.

Ved det første demokratiske valet til nasjonalforsamling i 1970 vann Awamiforbundet som arbeidde for sjølvstyre i aust og Pakistan People's Party (PPP) i vest. Partia klarte ikkje samarbeida, og i 1971 blei Aust-Pakistan proklamert som den sjølvstendige staten Bangladesh. Pakistanske styrker gjekk inn i landet, og det braut ut ein blodig borgarkrig som berre enda då India gjekk inn på Bangladesh si side. Zulfikar Ali Bhutto frå PPP blei ny leiar i det gjenverande landet, og innførte omfattande reformer, som nasjonalisering av bankar og industri. Han slo ned eit sjølvstendeopprør i Balutsjistan i 1973.

Ved valet i 1977 blei Bhutto skulda for valfusk, og general Muhammad Zia ul-Haq tok makta. Zia innførte unntakstilstand, islamiserte landet med sjarialover og forfølging av muslimske minoritetsgrupper, og fekk Bhutto avretta. Zia sat med makta til han døydde i ei flyulukke i 1988. Benazir Bhutto, dotter av den avsette presidenten, blei vald til ny leiar same året. Ho blei avsett i 1990 etter skuldingar om korrupsjon og maktmisbruk, og tapte seinare valet. Bhutto og Nawaz Sharif kjempa om makta i fleire år, fram til ei militærgruppe leidd av Pervez Musharraf tok makta i landet i 1999. Musharraf trekte seg i 2008, og Asif Ali Zardari, enkjemannen etter Benazir Bhutto, blei vald til ny president. Pakistan har vore eit konfliktområde under «Krigen mot terror», med den sekulære og USA-vennlege staten på ei side og islam-fundamentalistiske gerilja- og terrorgrupper på den andre.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Det pakistanske parlamentet.
Foto: Waqas Usman

Den pakistanske grunnlova i dag stammar frå 1973 med seinare revisjonar. Ho erklærer Pakistan som ein muslimsk stat leidd av ein president. Presidenten blir indirekte vald for ein femårsperiode av folkevalde frå nasjonalforsamlinga, senatet og provinsforsamlingane. Regjeringa er ansvarleg ovanfor presidenten, som også har endeleg rett til å avgjerda spørsmål om lovgjeving.

Det pakistanske parlamentet blir vald for fire år. Det har 342 sete; ti av dei er reservert for religiøse minoriteter og seksti for kvinner. Senatet har 100 medlemmer som kvar blir vald for seks år, 1/3 av setene blir skifta ut annakvart år. 88 medlemmer blir vald i provinsane, 12 blir utnemnde av nasjonalforsamlinga for stammeområda og houvdstadsterritoriet.

Grunnlova fastset at samfunnet og lovverket skal vera i tråd med islam. Berre muslimar kan bli president eller statsminister. Samstundes slår grunnlova fast at innbyggjarane i landet har rett til tale-, forsamling- og trusfridom.

Militærvesen[endre | endre wikiteksten]

Pakistanske marinesoldatar ved Quaid-e-Azam på sjølvstendedagen 14. august.
Foto: Kashif Mardani, 2008

Pakistan har ikkje verneplikt. Den pakistanske hæren er den sjuande største i verda og hadde i 2009 ei personellstyrke på 700 000. Sidan 1998 har landet hatt atomvåpen. Hæren har ei sterk stilling i landet, og landet var militært styrt i periodane 1958–71, 1977–85 og 1999–2002, før forsvarssjefen Pervez Musharraf legitimerte leiarstatusen sin gjennom ei folkeavstemming i 2002. Han gjekk av etter press i 2008.

Den pakistanske hæren har delteke i fleire krigar, mot India i 1947, då landet tok kontroll over vestre Kashmir og deretter i 1965, 1971 og 1999, og mot Afghanistan i 1973. Under Sovjetkrigen i Afghanistan skaut han ned fleire fly som kom inn i Pakistan sitt luftrom, og gav skjult støtte til mujahideengeriljaen gjennom Inter-Services Intelligence (ISS). I 1973 slo hæren ned eit opprør frå ei sjølvstenderørsle i Balutsjistan. Sidan 2000-åra har hæren prøvd å nedkjempa islamistar og talibanstyrker nordvest i landet.

Pakistan har bidrege til fleire fredsbevarande styrker for SN, i 2009 med 10 700 personell.

Internasjonale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Pakistan er eit aktivt medlem i SN og Den islamske konferansen. Landet er også medlem i South Asian Association for Regional Cooperation (SAARC) og Economic Cooperation Organisation (ECO).

Medan Pakistan hadde tette band til USA frå 1950- til og med 1980-talet, då dei samarbeida om å kjempa mot sovjetiske styrker i Afghanistan, blei tilhøvet dårlegare på 1990-talet, då Pakistan utvikla atomvåpen i det skjulte. Dei to landa har seinare samarbeide om å nedkjempa Taliban.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling av Pakistan.

Pakistan er ein føderal stat danna av fire provinsar, eit hovudstatsterritorium og føderalt administrerte stammeområde.

Provinsar:

1. Balutsjistan
2. Khyber Pakhtunkhwa
3. Panjab
4. Sind

Territorium:

5. Islamabad Capital Territory (IST)
6. Dei føderalt styrte stammeområda
7. Asad Jammu og Kashmir
8. Gilgit-Baltistan





Pakistan er vidare delt inn i distrikt, tehsil og landsbyråd.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mann og gut på landsbygda i Sind med ein kamel lasta med ved til utsal.

Pakistan er eit halv-industrialisert land der den stort sett tradisjonelle jordbrukssektoren framleis er svært viktig. Sidan 1965 har landet hovudsakleg opplevd økonomisk vekst, men rikdommen er ujamnt fordelt, og mange lever i fattigdom. Ulikskapen er stor innanfor landegrensene, med stor vekst i byane langs Indus, som Karachi og byane i Panjab, og fattigdom på landsbygda og i marginaliserte område som Balutsjistan og stammeområda.

Landet hadde ein gjennomsnittleg årleg økonomisk vekst på 5 % i tida 1965–80, og på ca. 6 % på 1980-talet. Rundt 2000 gjekk økonomien tilbake, før han voks kraftig igjen og nådde 8,4 % i 2004/05.[1] Mykje av industrien blei nasjonalisert først på 1970-talet, men tok til å bli privatisert igjen frå midten av 1980-talet. Nawaz Sharif privatiserte fleire statlege industriføretak privatiserte og opna for fri flyt av kapital. Sidan 2000 er økonomien blitt opnare for utanlandske investorar.

Kvinner demonstrerer langs vegen.
Foto: Shubert Ciencia

Korrupsjon, lite effektiv skattlegging og svak ressursbruk medfører at infrastruktur og sosiale tenester i Pakistan er dårlege. Fattigdommen i landet auka på 1990-talet. På 2000-talet blei det starta eit større program for å gjera noko med fattigdommen, og mellom 2000 og 2006 blei han redusert med 10 %. I 2006 rekna dei pakistnaske styresmaktene med at 23,9 % levde under fattigdomsgrensa, medan internasjonale organisasjonar rekna delen som mellom 25,7 og 28,3 %.[2] Finanskrisa i 2008 førte til stillstand i økonomien, og Pakistan måtte få bistand frå Det internasjonale valutafondet. I 2009 rekna ein med at 36,1 %, 62 millionar pakistanarar, hadde kome under fattigdomsgrensa.[3]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Pakistan har eit dårleg utbygd helsesystem, særleg på landsbygda. I 2007 hadde landet 85 legar per 100 000 innbyggjarar. Totalt har landet med 170 millionar innbyggjarar berre 945 sjukehus, 127 859 legar, 62 000 sjukepleiarar og 96 000 helsesystrer. 49 dollar blei brukt til helse per kapita i 2005. Styresmaktene bidrog med 24,4 av dei totale helseutgiftene, medan resten blei dekt av pasientane sjølve. Dette gjer at mange ikkje har råd til medisinar.[4]

Rundt 19 % av pakistanarar og 30 % av barn under fem år er underernært. Luftvegsinfeksjonar, magetarmkatarr, medfødde misdanningar, tuberkulose, malaria og tyfodifeber er nokre av dei vanlegaste årsakene til sjukdom og død.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Government College Multan. Høgare utdanning er ikkje for alle i Pakistan.

Det pakistanske utdanningssystemet byrjar med fem trinn i barneskule frå barna er fem, deretter følgjer tre og fire trinn vidare utdanning. 66 % av barn (34 % av jenter) gjekk på skule i 2000, men berre rundt halvparten fullfører. Barneskulen er gratis, men ikkje obligatorisk. I tillegg til offentlege skular finst religiøse koranskular der fattige elevar også kan få kost og losji. Landet har også fleire katolskdrivne eliteskular.

Undervisingsspråket er som regel urdu medan dei fleste elevane har andre førstespråk. I høgare utdanning bruker ein engelsk. Det er stor mangel på lesekunne. I 2003 rekna UNESCO med at heile 70 % av kvinner, og 54 % av befolkninga totalt, ikkje kunne lesa og skriva.

Media[endre | endre wikiteksten]

Pakistanske menn samla for å sjå cricket på eit fjernsyn.

Det blir gjeve ut 270 dagsaviser i landet, dei største, som Daily Jang, Nawa-i-Waqt og Daily Khabrainurdu. Berre 2 % av innbyggjarane les engelske aviser som Dawn og The News International, men mange av desse utgjer eliten i landet. Pressefridomen kan vera avgrensa, og det blei drive førehandssensur etter militærkuppet i 1977.

Statsdrive radio og fjernsyn utført av Pakistan Television Corporation (PTV) og radioselskapet Pakistan Broadcasting Corporation, som sender på ei rekkje av språka i landet. Frå 1990-talet blei det opna for private kanalar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Transportnettverket er best utbygd i dei økonomiske kjerneområda, frå Karachi ved kysten og nordover langs Indus. Vegnettet er nesten 198 000 km langt, rundt halvparten er asfaltert. Vegane blir brukt av gåande, dyrekjerrer, motorrickshaw, bilar og bussar. Den første motorvegen, M1 mellom Peshawar og Islamabad, blei ferdig i 1997. Sidan har ein fått motorvegar mellom andre viktige byar, som Lahore, Faisalabad og Hyderabad. Elles er Karakoram Highway, ein fjellveg til Xinjiang-provinsen i Kina, eit vidkjend vegstykke. Landet har over 8000 km jernbanelinje.

Karachi er ein viktig hamneby. Dei to hamnene her, Qasim- og Karachi-hamna, står for 90 % av landet sin internasjonale handel. I 2005 blei det også opna ei ny djupvasshamn i Gwadar i Balutsjistan. Det finst internasjonale flyplassar ved Karachi, Rawalpindi/Islamabad, Lahore, Peshawar og Quetta. I tillegg til det halvstatlege Pakistan International Airlines (PIA) finst det fire private flyselskap og flyvåpenet sitt Shaheen Airlines.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dekorasjon frå Rohtas fort i Panjab, bygd av den afghanske erobraren Sher Shah Suri som ei blanding av hinduiske og pasjtunske stilar. Det arabiske «Allah» står omkransa av ein lotus, ei utbreidd indisk symbol.

Området som no utgjer Pakistan har teke imot kulturelle impulsar både frå aust og vest, til dømes frå Sumer, det antikke Hellas, hinduiske og buddhistiske Sør-Asia, Persia, Midt-Austen og Sentral-Asia. I dag har landet fleire særmerkte kulturar, som panjabisk, kashmirsk, sindhi, pathansk og dardisk. Samstundes har den nyskapte pakistanske staten prøvd å finna fram til eit felles nasjonalt og muslimsk kulturuttrykk.

Arkitektur og biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Induskulturen hadde sin eigen særmerkte arkitektur med planlagde gater og innlagt vatn i hus av murstein bygde rundt innelukka gårdsplassar. Etter induskulturen utvikla det seg ei ny blanding av greske og sørasiatiske, særleg buddhistiske, tradisjonar. Desse fekk ei stordomstid under Gandharariket, truleg staden der dei første buddhastatuane blei laga.

Etter innføringa av islam fekk arabisk og seinare persisk kultur mykje å seia, og nådde eit høgdepunkt i mogulkulturen, som særleg er blitt kjende for arabisk kalligrafi, miniatyrmåleri og majestetiske byggverk, som Badshahimoskéen eller Lahore fort. Under kolonitida fortsette britane blandinga av austleg og vestleg stil i byggverka dei laga. Etter sjølvstendet fann pakistanske arkitektar inspirasjon i modernismen for landet sine nye monumentalbygg, som Mazar-e-Quaid eller Minar-e-Pakistan.

Av kunsthandverk har landet særleg ein rik tekstiltradisjon, med vevnad, teppe og broderi; lêr, metallarbeid i kopar, messing og sølv, og keramikk. Ei nyare kunstform er køyretøydekorasjon, der bussar, rickshawar og lastebilar blir rikt utstyrte og måla.

Polospel nord i Pakistan.

Daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Nasjonaldrakten i landet som ofte blir brukt til dagleg av kvinner og menn er salvar kamiz, lause bukser og ein lang tunika. Menn kan i tillegg bruka vest og kvinner dekker som regel hovudet med ein dupatta.

Pakistansk mat er typisk fleire karri- eller linserettar serverte med ris eller flate brød, som nan eller roti. Ein bruker mykje krydder og jogurt. Kjøt er mykje meir vanleg her enn i indisk mat, og grilla kjøt er særs populært. Sidan alkohol er forbode i islam drikk ein gjerne søte drikkar, som te, kehwa, faloda, lassi, saft eller brus.

Ramadan er ein viktig månad i dette landet der rundt 95 % er muslimar. Kveldsmåltidet medfører gjerne festleg lag, og avsluttinga id er ei stor høgtid. Andre høgtider er maulid an nabi, profeten sin fødselsdag, frigjeringsnatta shab-e-barat og, for sjiamuslimar, asjura.

Populære idrettar er polo og cricket, i tillegg til nasjonalidretten landhockey, der Pakistan og India var leiande i 1980-åra. Ulike stader i landet finn ein tradisjonelle idrettar som buzkashi (plukka dyr frå hesteryggen), drakekamp, lagspela kabaddi og gilli-danda og bryting som malakhra. Fotball har aukande utbreiing.

Forteljande og utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Konsert med Akbar Khamisu Khan og Muhammad Khan.

Dei ulike pakistanske språka har kvar sine litterære tradisjonar. Dikting står høgt, med diktformer frå persisk, gjerne på urdu, som dei mest verdsette. Innan både litteratur og musikk finn ein påverknader frå sufismen.

Ghazalar og qawwali er populære tradisjonelle musikkformer, og likner nordindisk hindustanimusikk. Nyare former er filmmusikk og pop på urdu og panjabi.

Landet har ei rekkje ulike folkedansar, til dømes bhangra og luddi frå Panjab, attan og khattakk frå nordvest, jhumar og lewa frå sørvest og ho jamalo frå Sindh.

Pakistan har også fleire teatertradisjonar. Dei byggjer på hinduiske soger, vestleg drama, og på dagleglivet gjennom folketeater. Landet har også ein filmindustri på fleire språk, men denne har lenge vore i motvind gjennom eit strengt lovverk, konkurranse frå den større indiske filmindustrien (hovudsakleg hindifilmar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Filseth 2009 oppgjev Det internasjonale valutafondet (IMF).
  2. Dawn 2006 oppgjev Verdsbanken og United Nations Development Programme (UNDP).
  3. Chandio 2009
  4. IRIN 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pakistan