Direktoratet for naturforvalting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Direktoratet for naturforvalting (DN) var eit rådgjevande og utøvande statleg direktorat underlagt Miljøverndepartementet. Det hadde ansvaret for forvalting av natur i Noreg fram til det blei slått saman med Klima- og forurensningsdirektoratet til Miljødirektoratet den 1. juli 2013.[1]

Direktoratet blei oppretta som Direktoratet for jakt viltstell og ferskvannsfiske i 1965. Det endra namn til Direktoratet for naturforvalting i 1985.[2]

DN hadde ca. 350 tilsette og hadde kontor i Trondheim. Å forvalte naturen vil seie å arbeide for å ta vare på mangfaldet i naturen også for kommande generasjonar, å verne om dyr og plantar, å styrkje allmennretten og å etterkomme internasjonale pliktar som CITES.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]