Diskusjon:Digital lyd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Digitale audioarbeidsstasjonar[endre wikiteksten]

"...Digitale audioarbeidsstasjonar nytta. Desse kan handsama fleire titals spor samstundes (fleire titusen «virtuelle spor») og kan utvidast med modular for analyse eller prosessering."

Eg skal ikkje protestere for høglydt på denne, men meiner det er for unyansert og høyrer heime i artikkelen Digital audioarbeidsstasjon (ordet verkar litt framand, men det er kanskje fordi eg er så van med den engelske DAW - Digital Audio Workstation).

Talet på spor avhenger av mange faktorar, som CPU, DSP, disksystem, oppløysing (16 bit, 24 bit...), samplingsfrekvens, i kva grad signalet blir prosessert etc. "Fleire titals spor" høyrest t.d. svært lite ut for eit Pro Tools HD-system med ein Mac Pro med åtte kjerner. Men det er nærare sanninga enn uendeleg... --Bep 27. november 2008 kl. 13:44 (CET)[svar]

Ja, uendeleg er det ikkje, det har du heilt rett i. Kor mange spor ein kan handsama i gongen er svært avhengig av maskinvaren (spesielt kor mykje RAM) ein har til rådvelde. Talet på virtuelle spor kan vera svært høgt, mykje meir enn ein har bruk for i praksis.
Ja, det var DAW eg sikta til med «digital audioarbeidsstasjon». Det var ein freistnad på å omsetta «digital audio workstation» til norsk, men det kan verka litt tungt. Slike direkte omsettingar er ikkje alltid så vellukka. Men eg tykkjer heller ikkje det er god norsk å nytta DAW. Kva med å korta det ned til «lydarbeidsstasjon»? Eg meiner det er fornuftig å skilja mellom enkle lydeditorar, som Audicity og avanserte arbeidsstasjonar som Ardour. Andre framlegg? --Sigmundg 27. november 2008 kl. 16:22 (CET)[svar]
"Lydeditor" funkar (for Wavelab og desse), og eg er samd i at me bør freiste å få til norske ord der det er mogleg. Men mange av desse tekniske uttrykka er så innarbeidde, som DAT, VHS, DVD, HD-Video - og ofte er det nettopp forkortinga som overlever. DAW er eit grensefall (sikkert fordi teknologien er mindre utbreidd). Eg tykkjer me kan omsetje, men meiner "digital lydarbeidsstasjon" er betre (digitalordet må med), og so med nokre omdirigeringar når den artikkelen kjem på plass. --Bep 27. november 2008 kl. 19:24 (CET)[svar]

Handlar denne artikkelen om digital lyd, eller noko anna? --Harald Khan Ճ 16. desember 2009 kl. 20:38 (CET)[svar]

Ikkje om lyd, men om teknologien (digital teknologi) som ligg til grunn for opptak, prosessering, lagring, distribusjon, avspeling, etc. av lyd. Lyd er alltid analoge siganl (lybølger).
Jau, men det som vert meint med digital lyd er ekte lyd sampla og lagra binært (so vidt eg kan forstå); noko som liknar sers på det denne artikkelen tek opp. Eg ser at dei kallar det for digital lyd på dansk wikipedia; og kan ikkje sjå at «audio» finst i ordboka. Audio tyder vel uansett 'lyd'? --Harald Khan Ճ 16. desember 2009 kl. 20:49 (CET)[svar]
Ord som «digital audio», «audioteknologi», audiologi, etc. vert nytta til dagleg innan fagfeltet, men er kanskje meir nytta av ingeniørar enn av lydteknikarar. Det er mange slike ord som ikkje finst i ordbøker, men dei dukkar vel opp etter kvart --Sigmundg 16. desember 2009 kl. 22:03 (CET)[svar]
Vert verkeleg omgrepet «digital audio» nytta i norske fagskrift? Søkjer du på Google etter treff på norsk, er denne artikkelen det fyrste som kjem opp. Uansett, når ein har eit so godt innarbeidt omgrep som «digital lyd» om nett det same, verkar det kunstig å ha ein artikkel med den engelske nemninga. --Harald Khan Ճ 16. desember 2009 kl. 22:25 (CET)[svar]
Spørsmålet her er vel: tyder «audio» per definisjon noko meir/anna enn «lyd»? Det trur eg ikkje, og Wiktionary på engelsk fortel meg at «audio» rett og slett tyder «A sound, or a sound signal». «Digitallyd» er gjerne endå betre enn «digital lyd»? --EIRIK\diskusjon 16. desember 2009 kl. 22:58 (CET)[svar]