Digital lyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Digital lyd eller digital audio er eit omgrep som vert nytta om prosessering, lagring og distribusjon av lydmateriale på digital form. Digital lyd stammar frå 1970-talet, då ein tok til å eksperimentere med å konvertere analoge lydsignal til sekvensar av binære tal for å kunne handsama dei med datamaskiner og lagre dei på tape på binær form. Utstyr for digital lyd var opphavleg svært kostbart og vart berre nytta i profesjonell samanheng. Det var fyst då kompaktplatene kom på marknaden fyrst på 1980 at folk flest vart kjent med digital lyd.

AD- og DA-omformarar for lyd[endre | endre wikiteksten]

For å unngå bruk av steile antialiasing- og antispeilfiltre og for å oppnå eit høgt SNR er AD- og DA-omformarane som vert nytta i samband med digital lyd vanlegvis Δ-Σ-omformarar, som nyttar oversampling og støyforming. Medan kompaktplateer (CD) nyttar ei ordlengd på 16 bit og ein sampelrate på 44100 Hz, har det etter kvart vorte vanleg å ta opp musikk med 24-bits AD-omsettarar og med sampelratar på 48, 96, eller 192 kHz.

Redigering av digital lyd[endre | endre wikiteksten]

Lydeditorar vert stort sett nytta for å redigera ein- og to-kanals lydopptak, men nokre lydeditorar kan handsama fleire kanalar. For miksing av fleirsporsopptak og syntetisert lyd vert digitale audioarbeidsstasjonar nytta. Desse kan handsama fleire titals spor samstundes (fleire titusen «virtuelle spor») og kan utvidast med modular for analyse eller prosessering.

Komprimering av digital lyd[endre | endre wikiteksten]

Det finst både tapsfrie komprimeringsalgoritmar, som FLAC og MLP, og metodar som fører til tap av kvalitet, som MP3, AAC og Vorbis. Den siste gruppa fjernar noko informasjon for å reduera datamengda, men på ein slik måte at det har så liten innverknad på kvaliteten som mogeleg.

Lagringsmedia for digital lyd[endre | endre wikiteksten]

Digitalt lydmateriale kan lagrast på magnetiske lagringsmedia som digitale bandopptakarar og magnetisk platelager, eller media som CD og DVD. Ulike media høver for ulike bruksområde. Medan magnetiske platelager høver godt til korttidslagring under opptak og redigering, vert optiske media ofte nytta for langtidslagring, arkivering og distribusjon.

Distribusjon av digital lyd[endre | endre wikiteksten]

Digitalt lydmateriale kan distribuerast på optiske media som CD og DVD, kringkastast over radio (DAB) eller pakkesvitsja nett (internett).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Audioteknologi

Lydopptak og attgjeving | Transdusarar | Analog audio | Digital audio | Audiosignalhandsaming | Distribusjon | Organisasjonar