Diskusjon:Folketru

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor skal overtru vera omdirigert hit, og verta framstilt som synonymt med folketru? Kan ikkje overtru like godt vera omdirigert til religion eller mytologi? Skal folketrua liksom ha monopol på å vera usann? --Tannkrem 19:41, 5 mars 2008 (CET)

Heilt einig. Dessutan trur eg det er faktisk feil, at ein med overtru tenkjer på noko ein eller berre få personar trur. I motsetnad til folketru, kristendom og anna, som mange personar deler. --Ekko 20:03, 5 mars 2008 (CET)
No er eg ikkje heilt samd med deg. Eg og mange andre kallar både religionar og andre fantasifoster (alle ting ein ikkje trur på, og som ingen kan prova eksistensen av) for overtru. Men ordet vert kanskje særleg brukt om folk som trur på noko som er relativt konkret, men som likevel er overnaturleg og som ikkje alle kan sjå, til dømes skrømt, vetter og englar. Og folketrua inneheld jo mykje av slikt. Overtru fortener heilt klårt ein eigen artikkel, det er iallfall sikkert. Me får slå opp i eit leksikon (tihi) og finna ein brukande definisjon. --Tannkrem 20:25, 5 mars 2008 (CET)
Overtruartikkelen vart ikkje verst. Folketruartikkelen er rotet. Med folketru forstår eg trusførestellingar som spring ut av folkelege oppfatningar, og ikkje av teologiske dogme. Men det å kunne sjå på magen til ei kvinne om fosteret er gut eller jente, fell etter mi meining ikkje inn under omgrepet folketru, det høyrer heller til folkemedisinen. (Alt dette var berre synsing, utan kjelder tør eg ikkje rette artikkelen). -- Knut 21:09, 5 mars 2008 (CET)
Einig og ditto. --Tannkrem 21:30, 5 mars 2008 (CET)
Ja. --Ekko 22:42, 5 mars 2008 (CET)
Folketru slik eg (og Nynorskordboka) ser det er eikvar tru, religiøs eller ikkje, som er «nedarva i breie lag av folket». Det omfattar altså både folkereligion, som eg trur Knut tenker på, og folkemedisin, og mykje anna rart.
Eg laga den opphavlege omdirigeringa fordi eg meiner at omgrepet «overtru» ofte blir brukt som hersketeknikk om (folke)tru ein ikkje er einig i -- men dette kjem mykje klarare fram i den nye artikkelen om overtru, så eg skal ikkje klaga. --Ranveig 11:12, 6 mars 2008 (CET)