Diskusjon:Fonologisk trykk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Flytte artikkelen frå «Trykk (lingvistikk)» til «Fonologisk trykk». Grunnen er at vi prøver å unngå artikkelnamn med parentes her på Nynorsk Wikipedia. Eg trur det nye artikkelnamnet er nokolunde treffande. Om det finst andre forslag, så tak dei gjerne opp her. :) Olve 1. jun 2005 kl. 2255 (UTC)

Takk for rettinga, eg likte sjølv dårleg parantesen. Problemet med både "fonologisk trykk" (og alternativet "lingvistisk trykk" er at ingen av dei er i bruk. Eg leita sjølv etter retningsliner for slike splitteartiklar, og fann debatten på samfunnshuset i dag, men utan å finne nokon klår konklusjon. Og nei, eg kjem ikkje på noko betre framlegg. "Fonologisk" er definitivt betre enn "fonetisk". Trondtr 2. jun 2005 kl. 0727 (UTC)
Prosodisk trykk kunne kanskje òg vera eit alternativ...? -- Olve 2. jun 2005 kl. 0837 (UTC)
Forresten: Du hadde ikkje retta i artikkelen som viste til denne, dvs. i prosodi. Akkurat det er heilt ok, men det generelle spørsmålet er: Viss eit artikkelnamn blir retta frå A til B, er det då mekanismer for å rette referansane [[A]] rundt i alle dei andre artiklane til [[B]]? Teknisk sett er det jo fullt mogleg. Trondtr 2. jun 2005 kl. 0732 (UTC)
Det finnast ingen automatiske mekanismar, men det er nok ikkje så vanskeleg å programmere ein robot til oppgåva (sjå Brukar:Fagerbott for eit døme på ein robot). I alle tilfelle er det ikkje veldig farleg med lenkjer som står att etter ei slik flytting då det automatisk vert sett opp ei omdirigering. Det kan likevel vere fint om ein endra lenkja slik at ein slepp notisen under overskrifta om at du har kome dit pga ei omdirigering frå ei anna side. Av og til fører og flytting til at det vert oppretta ei fleirtydingsside på den gamle, og då er det endå viktigare å endre wikilenkja etter flyttinga. -- Larsivi 2. jun 2005 kl. 0752 (UTC)
Ja, der sa du det meste av det som kan seiast der, Larsivi. Det viktigaste ved flyrtting av artikkelen er elles å unngå dobbelttilvisingar: Om det finst ei lenkje som blir vidaresendt til ei vidaresending, så stoppar det opp der. For å unngå dette bør ein gå til sidenamnet ein flytte artikkelen frå, klikke på «Lenkjer hit» og sjå etter lenkjer merkte som «omdirigering». Alle omdirigeringslenkjer som lenkjer til gamleadressen bør endrast så dei peiker rett til sjølve artikkelen. (Håpar dette er nokolunde klårt — klokka er kvart på fem på morgonen her og eg sendte akkurat ein jobbsøknad... <gjesp> Olve 2. jun 2005 kl. 0848 (UTC)