Nynorsk Wikipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nynorsk Wikipedia
«Det frie oppslagsverket»
Wikipedia-logo-v2-nn.png
URL nn.wikipedia.org
Språk Nynorsk
Grunnlagt 31. juli 2004
Framsida til nynorsk Wikipedia i august 2005.

Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverknynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia vart oppretta den 31. juli 2004, og har sidan den første artikkelen, om øya Sekken, produsert 116 475 artiklar. Nynorsk Wikipedia kallar seg Wikipedia – Det frie oppslagsverket.

Nynorsk Wikipedia passerte

  •  10 000 artiklar 7. august 2005 med artikkelen om forfattaren og folkeminnesamlaren Edvard Langset
  •  25 000 artiklar 11. august 2007 med artikkelen om den medfødde hjartefeilen Fallots tetrade
  •  50 000 artiklar 11. juli 2009 med artikkelen Fødsel
  •  75 000 artiklar 21. november 2011 med artikkelen om den italienske barokkmålaren Caravaggio
  • 100 000 artiklar 9. april 2013 med artikkelen om den ungarske songaren ByeAlex

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Heilt tilsvarande prosjekt finst på bokmål og riksmål[1] og på over 200 andre språk.

Alt oppslagsverket publiserer vert publisert under ein fri dokumentlisens. Det vil hovudsakleg seie at alt innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, distribuerast og brukast fritt; heilt utan vederlag - so lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia - artikkelen om fenomenet Wikipedia.
  • Kjelder til ei Nynorsk Wikipedia-historie — ei kort historie i stikkordsform som byggjer på debattar på og kring den heilt nyoppretta Nynorsk Wikipedia (mellom anna på dåverande Vannposten på Bokmålswikipediaen og på den internasjonale e-postlista).
  • Nynorsk nettleksikon - om ulike prosjekt for å laga nynorsk oppslagsverk på internett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikipedia:Målform
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.