Prosodi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Prosodi er den delen av lingvistikken som studerer fonologiske fenomen som strekker seg over fleire segment (vokalar/ konsonantar) i ordforma. Eit anna ord for prosodi er dermed suprasegmental fonologi, i motsetnad til segmental fonologi, som studerer fenomen knytt til kvart einskild segment. Prosodi omfattar tre ulike emne, trykk, tone og kvantitet (lengde), alle desse er knytt til stavinga.

Prosodi i lingvistisk teori[endre | endre wikiteksten]

Det har opp i gjennom lingvistikken si historie vore usemje om i kor stor grad lingvistiske fenomen i det heile skal analyserast suprasegmentalt, dvs. om det finst ein prosodisk komponent i det heile, og i tilfelle, kor omfattande han skal vere. Ein minimal prosodisk komponent finn vi i strukturalismen og den klassiske generative fonologien, som vil redusere så mange fenomen som mogleg til segmental fonologi. På motsett ytterkant finn vi fonologiske teoriar som ser heile den fonologiske strukturen som eit sett av ulike lag, der det einaste som står att på segmentnivå er eit sett tidseiningar, såkalla X-fonologi, der den segmentale strukturen berre er ein streng abstrakte X-einingar, ikkje eingong spesifisert for om dei er konsonant eller vokal.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kristoffersen, Gjert 2003: Norsk prosodi. [1]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.