Diskusjon:Noregs statsbaner

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det nokon andre grunnar til at oppryddingsmerket er her, anna enn at artikkelteksta var på bokmål? Mal:uomsett var jo alt i artikkelen, så eg skjønar ikkje grunnlaget... Anders 6. desember 2008 kl. 15:58 (CET)[svar]

Det er framleis mange bokmålsord i artikkelen mellom alt det nynorske, difor Sigmund la malen inn. --Harald Khan Ճ 6. desember 2008 kl. 16:03 (CET)[svar]
Då er det eigentleg malen {{språkvask}} som skal nyttast, men det spelar ikkje så stor rolle. Det er jo så lett å gløyme malar som ikkje nyttast så ofte. Anders 6. desember 2008 kl. 18:53 (CET)[svar]

Staving av namnet[endre wikiteksten]

Bør ikkje namnet vera «Noregs statsbanar» på nynorsk? --Sigmundg 6. desember 2008 kl. 16:36 (CET)[svar]

Bane kan vera både f2 og m1 på nynorsk; difor er 'baner' like rett som 'banar'. --Harald Khan Ճ 6. desember 2008 kl. 17:45 (CET)[svar]