Diskusjon:Oslofjord Convention Center

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg reagerar på denne artikkelen. Etter mitt syn går han langt frå leksikonstandard, og langt inn i reklamen. Eg vil gjerne minske reklamepreget, kan andre også sjå på han? --Ekko 18:41, 14 januar 2008 (CET)

Eg er samd i at artikkelen minner om ein reklamebrosjyre. Ut frå leksikalske kriterie er han ikkje god, språket er heller ikkje godt. Men eg ser ikkje artikkelen som problematisk. Eg synest heller det er flott at bedrifter og organisasjonar brukar nynorsk wikipedia for å marknadsføre seg sjølv - det skjer ikkje så ofte; eg har inntrykk av at det er mykje vanlegare på bm-wiki. Men om nokon vil gjere artikkelen betre, gjer dei både konferansesenteret og nn-wiki ei teneste. - - Knut 19:34, 14 januar 2008 (CET)
Men kan og skal me vera ein kanal for marknadsføring? --Ekko 21:59, 14 januar 2008 (CET)
Wikipedia er ein kanal for marknadsføring. Derfor ønskjer organisasjonar, bedrifter og artistar omtale på wikipedia. På nn har vi artiklar om Coca-Cola, Pepsi, Mjølk og Hansa; vi har artiklar om Soria Moria Hotell og konferansesenter og Hotel Union Øye. Men skal wikipedia verte eit godt oppslagsverk, må omtalen vere i samsvar med dei retningslinene som er sett. Vi kan slette all informasjon som minner om marknadsføring frå nn-wiki, men er det ikkje ein betre strategi, som du gjer framlegg om øvst, å minske evt reklamepreg og la faktastoffet stå? Eg skulle gjerne gjort det sjølv, men eg vil ikkje rydje der eg ikkje er kjend. --Knut 17:19, 16 januar 2008 (CET)
Eg er samd med Brukar:Ekko. Dette er rein reklame!
Har korta kraftig ned, og fjerna reklamepreget. Eg meiner vi må kunne ha artikkelen slik han står no. stykkjet 18:05, 16 januar 2008 (CET)
Bra,Stykkjet, mykje meir konstruktivt enn å plassere slettemerke. Vi ønskjer ikkje at artiklar skal ha reklamepreg, og generelt er ikkje det noko stort problem hos oss. Det er verre når vi har feil i artiklar: I store delar av 2007 påstod vi at Siste dagars heilage og Smiths vener var same organisasjon. Vi måtte ha hjelp av ein smiths-ven for å finne den feilen. Få opp talet på brukarar, så får vi retta fleire feil, og vi får fleire artiklar. Og om ein artikkel bommar litt på forma, så gler vi oss over artikkelen, og rettar på det som er gale. -- Knut 19:45, 16 januar 2008 (CET)
Ja, det blei då artikkel av dette. --Ekko 19:47, 16 januar 2008 (CET)

Det er kome klage frå ein bokmålskar, sjå Diskusjon:Arctic Equestrian Games. --Ekko 09:32, 21 januar 2008 (CET)

  • Har gjeninnsatt deler av den fjernede teksten. F.eks. var all informasjon om utbyggingen fra 2000 til 2004 fjernet. En utbygging til en verdi av 2. mrd. er leksikonverdig. --EivindJ 12:58, 21 januar 2008 (CET)
OK, prøver på eit kompromiss. Har tatt lett språkvask, og fjerna dei særaste detaljopplysingane og freista å få flyt i teksten. --Ekko 14:13, 21 januar 2008 (CET)
Takk, jeg er veldig fornøyd. Jeg skal ha forståelse for at dere har andre retningslinjer og vaner enn det vi på bm har, så skal ikke være for vanskelig. Takk for seriøse tilbakemeldinger. --EivindJ 14:17, 21 januar 2008 (CET)
Eg gjekk gjennom denne artikkelen, og gjerna mellom anna nokre linjer med svært tekniske spesifikasjoner av lyd og videoutstyret til dette senteret. Dette er informasjon brukaren kan lese meir om på nettsidene til senteret, og framstår no som rein reklame. Og EivindJ: Eg ser atdu i diskusjonen over har blitt samd med deg sjølv (slik les eg det) og sett inn att desse opplysningane for andre gong, men du har ikkje overtydd meg. --Bep 14:34, 21 januar 2008 (CET)
Jeg ble enig med Ekko om et kompromiss så lenge, derfor satte jeg det tilbake. Det kan du lese på AEGs diskusjonssider. Jeg ønsker fortsatt en forklaring på hvorfor ikke tekniske spesifikasjoner er leksikonverdig? Det kan ikke sies å være reklame, og det har stor interesse for leserene. Simultantolkeanlegget og satelittsending er så vidt jeg vet Smiths venners sentrale punkt for å misjonere i hele verden. Stedet er ikke et hvilket som helst sted, men grunnlaget for Norges største og eneste verdensomspennende frikirke. Dette gjør også omstendighetene der interessante for de med interesse for Smiths venner, konsertarenaer og lokal kultur. Hvorfor skal det fjernes? Hvilke retningslinje bryter den? --EivindJ 14:53, 21 januar 2008 (CET)

Rein reklame[endre wikiteksten]

Utdrag frå artikkelen: Konferansesalen på Brunstad Conference Center er på 4 800 kvadratmeter, og kan etter forskriftene romme 6 800 sittande og 700 ståande.[1] Konferansesalen har eit lydanlegg på 100 000 watt, utstyrt for storskjerm- og TV-produksjon, 20 000 ansilumen prosjektorer, 6,0 x 4,5 meter skjermar, up-link-stasjon for satelitt, IP-TV-distrubisjon, simultantolkeanlegg for 20 språk og fjerntolking av tretten språk.

Det som står ovanfor er skrive som tatt rett ut av eit informasjonshefte frå eit kurs- og konferansesenter. Slikt stoff er ikkje relevant i leksikonsamanheng. --Cato 14:36, 21 januar 2008 (CET)

Hvordan skal en oppramsing av tekniske spesifikasjoner gjøres mindre reklamepreget? Løsningen å fjerne fakta er ikke en god løsning. Jeg ser ikke reklamepreget i den ovenstående setningen, og jeg er ikke grønn på Wikipedia … jeg vet hva som er reklame og ikke. --EivindJ 14:49, 21 januar 2008 (CET)

Ok, eg har jobba litt med sal- og marknadsføring, og å lese det utdraget er som å lese eit brev frå eit hotell som prøver å overbevise ein potensiell kunde om å legge årsmøtet sitt til det hotellet si konferanseavdeling. Men for all del, det gjer ikkje meg personleg noko at det står der. Men spørsmålet er om Wikipedia skal framstå som eit objektivt leksikon eller eit reklametorg. --Cato 14:53, 21 januar 2008 (CET)

Så da vil jeg ha et svar: Hvordan skal du skrive en direkte oppramsing av fakta som er relevant mer objektiv en slik den er skrevet ovenfor. Den er jo blottet for superlativer som hele 4 800 kvadratmeter, vanvittige 100 000 watt etc.. Teksten er jo helt faktaorientert. --EivindJ 14:55, 21 januar 2008 (CET)

Eg gir meg, lat det stå. Gjer kva du vil. Sjølv om eg ikkje heilt greier å sette ord på det, synest eg det er noko subjektivt over det heile. --Cato 14:57, 21 januar 2008 (CET)

Det er en veldig kompakt liste noe som kan gjøre den litt overveldende, kanskje? For jeg skjønner hva du mener, den kan virke noe subjektiv uten at man kan påpeke noe. Jeg vet likevel ikke hvordan det bør skrives på en bedre måte. Kanskje spres mer? --EivindJ 15:03, 21 januar 2008 (CET)
Kva med å tone litt ned på dei tekniske detaljane, til noko slikt som:

Konferansesalen har eitt av landets største og mest avanserte faste anlegg for lyd, storskjerm- og TV-produksjon, med simultantolkeanlegg for 20 språk og fjerntolking av tretten språk. --Bep 17:29, 21 januar 2008 (CET)

Den er ok for meg, og dekker det viktigste. Takk for et godt innspill! Kjør denne om ingen har motforestillinger (: --EivindJ 17:40, 21 januar 2008 (CET)
Ei god grunn for dette er at dersom senteret ynskjer å ligge i framkant av utviklinga vil jo detaljane endre seg fort etter som dei skiftar utstyr. --Ekko 17:41, 21 januar 2008 (CET)

Salgsbrosjyre?[endre wikiteksten]

Denne artikkelen minner framleis mykje og ei salgsbrosjyre. --Sigmundg 16:37, 16 april 2008 (CEST)

Betre no? --Bep 9. desember 2008 kl. 15:42 (CET)[svar]