Siste dagars heilage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mormonartabernakelet i Salt Lake City i Utah i USA.

Dei siste dagars heilage, ofte kalla mormonarar, er ei fellesnemning for fleire religiøse samfunn som byggjer på læra til den amerikanske predikanten Joseph Smith og profetiane han hevda å ha motteke. Dei ser på seg sjølv som kristne, og lære deira (ofte omtala som mormonisme) byggjer på kristendommen, men forheld seg til fleire tilleggsopenberringar til Bibelen. Dei ulike samfunna legg gjerne vekt på familieliv og sosialt samvær med kyrkjelyden, og utfører sine sakrament i tempel. Hovudboka til Dei siste dagars heilage er Mormons bok.

Den første mormonarkyrkja vart offisielt organisert etter bod frå Herren i Fayette i staten New York ved namnet Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage den 6. april 1830. Sidan 1847 ligg hovudsetet i Salt Lake City i Utah. Etter kvart har rørsla splitta seg i ulike samfunn, men Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage er framleis det største av kyrkjesamfunna.

Det er i dag om lag 14 millionar medlemer av Dei siste dagars heilage, og over 60 000 misjonærar fordelt på 162 land og territorium. Til Noreg kom dei første misjonærane i 1851 og den første medlemen vart døypt i Risør same året. Det er 4500-5000 medlemer (2007) i Noreg , og kyrkjelydar finst i alle delar av landet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]