Diskusjon:Ragunda kommun

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allvarligt talat, svenskspråkiga Wikipedia är inte en bra källa. Vem som helst kan skriva vad som helst på Wikipedia. - Tournesol 29. april 2010 kl. 10:34 (CEST)[svar]

Einig i at Wikipedia i seg sjølv ikkje er ei god kjelda. Men når det er omsett formuleringar eller andre ting frå Wikipedia på andre språk, brukar me å skriva det under kjelder, for å visa at artikkelen opphavleg har ein annan forfattar enn brukaren som har oppretta artikkelen her. Det er det òg krav til i lisensen Wikipedia brukar. Så ein artikkel treng ikkje vera dårleg sjølv om ein har funne informasjonen på Wikipedia, så lenge han også har andre gode kjelder for det som står her. --Tannkrem 29. april 2010 kl. 10:57 (CEST)[svar]
Eg har tillit til det eg les om svenske tilhøve på svensk wikipedia. Eg reknar med at kontrollrutinane er såpass gode at evt feil vert plukka raskt ut. Derimot har eg påpekt feil i svenske artiklar om norske tilhøve, utan at feilane er blitt retta. Eg har derfor mindre tiltro til slike svenske artiklar. Elles er det vel så viktig å nemne dårlege/usikre kjelder som gode kjelder. --Knut 29. april 2010 kl. 13:38 (CEST)[svar]
Faktaopplysningar utan referanse bør me i utgangspunktet ikkje ta frå andre Wikipedia-utgåver (sjølv om Wikipedia sine opplysningar ofte er meir rette enn andre sine), fordi det kan vera vanskeleg å finna ut kor opplysningane kjem frå. Viss noko då er feil, kan det vera vanskeleg å finna ut kva som er feil og kva som er rett. Så lenge Wikipedia har andre kjelder enn Wikipedia, har iallfall den galne opplysninga eit opphav, og det går an å vurdera kva for ei kjelda som er mest truverdig.
Viss Wikipedia har rette opplysningar, men ingen kjelder for dei, og t.d. caplex eller snl har galne, bytar eg ut korrekte fakta fordi Wikipedia ikkje er ei like truverdig kjelda som dei andre. Då hjelper det ikkje at t.d. sv:-artikkeln sannsynlegvis er skriven av nokon som veit kva dei balar med. --Tannkrem 29. april 2010 kl. 14:03 (CEST)[svar]
Eg trur ikkje det er mykje kontroversielle opplysningar i denne artikkelserien her. Kva administrasjonssenteret i ein kommune er, treng ein ikkje ei separat kjelde på. Kva for kommunar han grensar til, kan kven som helst sjå på eit kart. Opplysningar om landskap og viktige næringar, som alltid er med i innleiinga, kjem frå SNL. Vidare har vi administrativ historikk, og der er det vel stort sett berre å gjere Google-søk på namna på dei tidlegare kommunane, så finn ein vel andre kjelder for historia deira. Neste «post» er kommunevåpenet. Korleis det ser ut, kan ein sjå på heimesida til kommunen og samanlikne med den versjonen vi har her på Wikipedia (begge er like rette så lenge dei er teikna etter blasoneringa). Til slutt kjem tettstadene, og der bør ein vel relativt lett kunne finne opplysningar hjå Statistiska centralbyrån. Vi må stole på at brukarane våre greier å gjere nærare kontrollar av fakta utan at vi alltid leier dei på vegen. --EIRIK\diskusjon 29. april 2010 kl. 14:30 (CEST)[svar]
Einig i det, og eg synest heller ikkje at denne artikkelen er veldig svak på dette. Eg har sjølv skrive mange korte artiklar utan oppgjevne kjelder. Poenget mitt er at det ikkje er naudsynt at opplysningar skal vera kontroversielle for at det skal stå oppført ei kjelda for dei. Faktaopplysningar kan til dømes vera utsette for skrivefeil, og då er det greitt å sleppa å leita etter kjelder. Til dømes folketal meiner eg det er ein fordel å ha ein referanse med dato på. --Tannkrem 29. april 2010 kl. 14:39 (CEST)[svar]