Diskusjon:Rosa Luxemburg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ikkje martyr?[endre wikiteksten]

Ekko skriv at "martyr" er eit religiøst omgrep, noko som sjølvsagt er rett, men i våre dagar blir omgrepet òg brukt om folk som døyr for ein sak dei trur på, slik som kommunismen. Rosa Luxemburg blei seinare sett opp til som ei som ofra seg for det ho trudde på. Eg synest derfor "martyr" bør inn igjen i skildringa av henne. -- Ranveig 1. jun 2005 kl. 1901 (UTC)

Einig med Ranveig — ordet «martyr» har vidare betydning enn berre «religiøs martyr». -- Olve 1. jun 2005 kl. 1904 (UTC)
Hm. Men kva tydar då eigentleg «martyr» no til dags? Vil t.d. alle drepne i Irak vera martyrar? Eller berre opprørarane? Alle opprørarane?
Eg går med på at omgrepet ikkje berre er religiøst (men eg likar det ikkje), men eg synest ikkje det er klårt kva det tyder. Finnst det ikkje noko anna ord eller omgrep som tyder det samme, men utan religiøse konnotasjonar? Og reint sakleg; slik eg har lese historia om den tyske revolusjonen hadde ikkje Luxemburg og Karl Liebknecht noko ynskje om å bli martyrar. --Ekko 2. jun 2005 kl. 1013 (UTC)