Karl Liebknecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Liebknecht

Karl Liebknecht (3. august 187115. januar 1919) var ein tysk kommunist og ein av grunnleggjarane av Spartakusforbundet og Kommunistische Partei Deutschlands. Han er òg kjend som antimilitarist.

Liebknecht vart fødd i Leipzig i ein sosialdemokratisk familie. Sjølv gjekk Karl Liebknecht i ei meir radikal retning i løpet av studietida i Leipzig og Berlin, der han vart marxist.

Etter studiar i jus og økonomi tok Liebknecht den juridiske doktorgrada i 1897, og byrja å arbeida som advokat i Berlin saman med broren Theodor Liebknecht. Liebknecht fungerte ofte som forsvarsadvokat for sosialistar og andre venstreradikale som var hadde vorte skulda for å smugla propaganda inn i Russland.

I 1900 gjekk Liebknecht inn i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD). I 1907 vart han fengsla i 18 månader på grunn av artikkelen «Militarismus und Antimilitarismus» (militarisme og antimilitarisme). Same år vart han vald inn i det prøyssiske parlamentet, trass i at sona dommen. Frå 1907 til 1910 var han òg president i den Sosialistiske Ungdoms-Internasjonalen, som han var med på å danna.

I 1912 vart Liebknecht vald inn i den tyske Riksdagen for SPD. Liebknecht gjekk mot tysk deltaking i første verdskrig, og var den 2. desember 1914 den einaste Riksdagsrepresentanten som røysta mot krigen. Han var heile tida kritisk innstilt til Karl Kautsky si leiing av partiet.

Samstundes danna Liebknecht saman med mellom anna Rosa Luxemburg Spartakusforbundet. Denne kommunistiske gruppa gav ut ei avis som vart kalla Spartakusbriefe (Spartakusbrev), ei avis som snart vart erklært ulovleg. Liebknecht vart arrestert og send til austfronten, der han tenestegjorde som ikkje-stridande.

I oktober 1915 fekk han venda attende til Berlin, men eit halv år seinare vart han igjen arrestert etter ein demonstrasjon i regi av Spartakistane. Han vart dømd til fengsel for høgforræderi, og sat fengsla heilt til oktober 1918. Rikskanslar Max von Baden sette då fri alle politiske fangar.

Liebknecht tok opp att det politiske arbeidet, og den 9. november eklærte Liebknecht Tyskland som ein sosialistisk republikk. I ettertid vert desse hendingane kalla den tyske novemberrevolusjonen.

I årsskiftet 1918/19 vart eit nytt kommunistparti (KPD) danna, og like etterpå prøvde Spartakistane å gripa makta i Berlin. Opprøret vart brutalt slege ned, og Liebknecht og dei andre opprørsleiarane vart fanga av høgreorienterte Freikorps (frikorps). Liebknecht vart hardt torturert, og døydde den 15. januar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl Liebknecht