Distriktet Aigle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Aigle | |
| District d'Aigle | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Vaud |
| Hovudstad | Aigle |
| Areal | 434,99 km² |
| Folketal | 40 143 (2010) |
| Kommunar | 15 |
Aigle er eit distrikt i kantonen Vaud i det sørvestlege Sveits. Distriktet har eit areal på 435 km², og hadde 40 143 innbyggarar i 2010. Aigle er hovudstad i distriktet, som grensar til kantonen Valais både i sørvest, sør og søraust, og til kantonen Bern lengst i aust.
Distriktet Aigle omfattar 15 kommunar. Aigle, Ollon og Bex er dei tre kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Chessel, Corbeyrier, Gryon, Lavey-Morcles, Leysin, Noville, Ormont-Dessous, Ormont-Dessus, Rennaz, Roche, Villeneuve og Yvorne.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Aigle (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 12. november 2011.