Vaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vaud
Tysk: Waadt
Fransk: Vaud
Italiensk: Vaud
Retroromansk: Vad
Wappen Waadt matt.svg
Våpenet til Vaud
Karte Lage Kanton Waadt 2013.2.png
Kart som viser kor i Sveits Vaud ligg.

Hovudstad Lausanne
Språk fransk
Folketal 729 971 (2012[1])
Areal 3 212 km²
Folketettleik 227/km²
Forkorting VD
Kanton sidan 1803
Høgaste topp 3210 m (Les Diablerets)

Vaud (fr. Vaud) er ein av kantonane i Sveits. Kantonen ligg i den sørvestlege delen av landet. Hovudstaden i Vaud er Lausanne. Kantonen har 701 526 innbyggarar. Flatevidda er på 3 212 km2.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av kantonen ligg mellom Genfersjøen i sør og Neuchâtelsjøen i nord, ein del ligg aust for Genfersjøen. Kantonen grensar i nord til kantonen Neuchâtel, i aust til kantonane Fribourg og Bern, i sør til Valais og Genève, medan han i vest grensar opp mot Frankrike og til kantonen Jura. Landskapet i søraust ligg på nordsida av Bern-Alpane og er rike på fjell. I dette området, ofte kalla Vaud-Alpane, ligg høgste fjellet i kantonen, Les Diablerets, der ein òg finn dei einaste isbreane i kantonen. Dei sentrale delane av kantonen ligg i eit morenelandskap, og består såleis av ein god del åsar og mindre vatn. Områda i nordvest, der landskapet stig opp mot Jurafjella, er prega av lågare fjelltoppar, dei aller fleste med høgder mindre 1 500 meter over havet.

Språk og samfunn[endre | endre wikiteksten]

Talespråket i Vaud er fransk. 28% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar, ein stor del av desse kjem frå Italia. Om lag 40% av innbyggarane er protestantar, nesten like mange, 34% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Etter reformasjonen og inn i det 20. hundreåret var kantonen fullstendig dominert av protestantismen, veksten for katolisismen kjem mykje av den store innvandringa frå Sør-Europa.

Distrikt og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Vaud omfattar ti distrikt, som er delt opp i til saman 376 kommunar. Dei ti distrikta er Aigle, Broye-Vully, Gros-de-Vaud, Jura-Nord Vaudois, Lausanne, Lavaux-Oron, Morges, Nyon, Ouest Lausannois og Riviera-Pays-d'Enhaut.

Lausanne-området sett frå Mont Tendre. Bern-Alpane i bakgrunnen

Dei mest folkerike kommunane etter Lausanne, er Yverdon-les-Bains, Montreux, Renens, Nyon, Vevey, Pully, Morges, Gland, Prilly, Ecublens og La Tour-de-Peilz. Alle desse har over 10&nsbp;000 innbyggarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom mellomalderen rådde ulike maktsentra over landområda i det seinare Vaud. Burgundarar tok kontroll over området på 400-talet. Seinare, i merovingartida, rådde frankarar til desse i 888 måtte vike for karolingane sitt keisardømme. Det tyske fyrstehuset Zähringen erobra makta i 1032 og styrte Vaud til 1218. Ei ny fyrsteslekt, hertugane av Savoie, fekk makta og skapte, gjennom danninga av eit baroni, den første politiske eininga i området. På 1400-talet vart Savoy si makt svekka, og militære styrkar frå kantonen Bern byrja erobre delar av området. I 1536 annekterte Bern heile det seinare Vaud.

Bernesarane var lite populære, særleg hos dei franskspråklege i Vaud. Dei fransktalande kjende seg tilsidesett i høve til dei som tala tysk. I 1723 leia offiseren Abraham Davel eit opprør, som vart slått ned, og Davel vart avretta. Seinare dreiv vaudarane ut guvernøren frå Bern, og danna i 1798 utbrytarkantonen Léman. Denne kantonen gjekk same året med i den nyskipa republikken Helvetia. Etter republikken braut saman i 1803, gjekk Vaud inn i den sveitsiske føderasjon som eigen kanton. Under den sveitsiske borgarkrigen i 1847, var Vaud ein sterk motstandar av dei konservative og katolsksinna kantonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Etat et structure de la population. Service cantonal de recherche et d’information statistiques (Statistique Vaud).


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich