Distriktet Neuchâtel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Neuchâtel | |
| District de Neuchâtel | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | kantonen Neuchâtel |
| Hovudstad | Neuchâtel |
| Areal | 80,02 km² |
| Folketal | 52 588 (2010) |
| Kommunar | 9 |
Distriktet Neuchâtel er eitt av seks distrikt i kantonen Neuchâtel i Sveits. Distriktet, som ligg lengst nordaust i kantonen, hadde 52 669 innbyggarar i 2010 og dekte eit areal på 80,0 km². Distriktet Neuchâtel, som ligg på nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen, grensar mot kantonen Bern i nord og i aust.
Distriktet Neuchâtel omfattar ni kommunar. Meir enn seks av ti innbyggarar i distriktet bur i bykommunen Neuchâtel, den nest mest folkerike kommunen er La Tène med knappe 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Cornaux, Cressier, Enges, Hauterive, Le Landeron, Lignières og Saint-Blaise.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Neuchâtel District» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2011.