Djevelpakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sankt Wolfgang blir freista med ei djevelpakt.

Djevelpakt er ein kontrakt som folk har sett opp med håp om å få fordelar frå djevelen. Som vederlag får djevelen overta kroppen og sjela til personen etter eit visst tal år. Det er som oftast snakk om å få rikdom, svarteboka eller kunnskapar om ulike saksforhold eller kuriøse materiar (t.d. framstilling av gull).

Kontraktar med djevelen[endre | endre wikiteksten]

Den påståtte djevelpakta til den franske presten Urbain Grandiers .[1]

Med auka lese- og skrivekunne førte legendesamlingar og den populære folkeboklitteraturen til at ideen om å inngå djevelkontraktar greip om seg. Frå tyske område kom folkebøkene om Johann Faust, som skildra ein lærd mann som hadde forskrive seg til fanden for å få innsikt i esoteriske kunstar. Det blir fortalt i ei av framstillingane at Faust låste seg inne på hybelen sin og ikkje viste seg for vennene sine på 40 dagar og 40 nettar. I denne tida tok han verken til seg av vått eller tørt, men var travelt oppteken av å slå magiske sirklar og mana djevelen til seg for å gjera dei nødvendige avtalane.

For å vera gyldige, måtte ein skriva under på slike kontraktar med sitt eige blod, ettersom blodet var knytt til livskrafta. Vidare blei kyrkjelege dørlåsar oppfatta som djevelen si postkasse, og derfor blei kontraktane gjerne rulla saman og stukke inn i nøkkelholet, eller eventuelt under kyrkjedøra.

Pakta var ein personleg kontrakt signert med fullt namn. Ofte blei desse dokumenta funne av presten, klokkaren eller kyrkjetenaren som kom for å opna kyrkja. Ettersom personen hadde gitt identiteten sin til kjenne, og i tillegg gjerne opphalde seg eller budde i nærmiljøet, var det aldri vanskeleg å finna syndaren. Personen blei raskt teken med til presten, som i nokre tilfelle kunne driva eksorsisme for å forsikra seg om at den vonde ikkje allereie hadde fått makt over vedkommande. Presten rapporterte til biskopen, som vidare la fram saka for rettsapparatet. På same vis som med hekseprosessane kunne straffene bli svært ulike frå stad til stad og innanfor dei ulike periodane i historia. Nokon fekk dødsstraff, medan andre fekk syndforlating og ei mild rettleiing frå prelaten om Guds straff og tilgjevnad.

Djevelpakt (Compendium Maleficarum, 1608).

Døme frå Noreg[endre | endre wikiteksten]

Johannes Geremiæsson[endre | endre wikiteksten]

Frå Noreg kjenner ein berre til ein kontrakt, som korporal Johannes Geremiæsson frå Voss garnison sette opp 6. august 1705 om å få 300 riksdalar av djevelen for så å bli eigedommen hans etter 18 år. Korporalen hadde stukke kontrakten inn under kordøra i Vang kyrkje, og gått og venta på svar den etterfølgjande dagen. Då det heller ikkje neste dag var nokon beskjed frå den vonde, gjekk korporalen til drengen til presten og bad han hjelpa seg å henta ein setel som hadde blåse frå han inn under kyrkjedøra. Dette gløymde drengen, og etter søndagsgudstenesta blei setelen funnen av klokkaren, Caspers arbeidsmann. Setelen blei gitt til ein fenrik, som saman med kapteinen tok med seg lappen og syndaren, korporal Geremiæsson, til presten på staden, Christen Niilszøn Weinwich. Forsverginga lydde:

Jeg helser Dig min Herre og Gud Satan, at Jeg vil være dig huld og tro, og gifve dig min Siel og Krop, dersom du vil give Mig tre hundre Daler, og det i at[t]en Aar, naar de at[t]en Aar [er] ude, daa kant du tage Mig lenge nock til dig, herpaa er jeg begierende, at du vil skrive Mig et or[d] til igien derom til i morgen, saa vil Jeg give Mig in[d] i din Vold. Johannes Geremiæszon.[2]

Ettersom finnaren ikkje straks gjekk til presten med kontrakten, var ryktet snart spreidd til alle i bygda. Truleg var også denne lappen skriven med blod, ettersom presten fann grunn til å utsletta originalen. Dessutan er det tilsynelatande korporalen sjølv som er sett av presten til å skriva ein nøyaktig kopi med blekk for vidaresending til biskop Niels Randulf, saman med meldinga til presten om hendingsgangen.[3] Det lèt ikkje til at saka til korporalen kom opp for retten, så truleg nøyde ein seg i dette tilfellet berre med militær refsing og geistleg irettesetjing. Ifølgje E.H. Edvardsen kan den aktuelle saka ha gitt Ludvig Holberg stoff til Epistola XCII. Holberg var nemleg i nittenårsalderen huslærar og kyrkjesongar hjå presten Weinwich på Voss. Han forlét staden i 1703, altså berre to år før hendinga med korporalen fann stad. Holberg gjer eit poeng ut av at det var forfattaren sjølv som fann forskrivet til fanden og sette i verk ei human straff:

Holbergs epistel 92 ble forfattet først i 1748, men henføres til epistolarens egen ungdom. Tross visse litterære friheter synes saken oss gjenkjennelig. Med hensyn til størrelsen på pengegaven var den steget fra 300 riksdaler til en hel tønne gull årlig. Kravet burde gi mannen bekymringsløs omgang med penger i den utmålte tid, men det kan, som sagt, forstås som et litterært grep gjort i den hensikt å antyde at djevelen var ruinert og ikke lenger hadde midler til å gå inn på avtaler av en slik størrelsesorden. Det var altså grunnen til at djevelen unnlot å ekspedere kunden. (Edvardsen 1997, s. 57).

Omtale i norske svartebøker[endre | endre wikiteksten]

I nokre norske svartebøker finst det også formular som fortel korleis ein set opp ein djevelkontrakt. Her frå ei svartebok (NFS Moltke Moe 106 I), som blei beslaglagt av lensmann Kristian August Olsen på Jeløya ved Moss under ei registreringsforretning etter avdøde Anders Nilsen Aas i 1893. Svarteboka er datert til rundt 1780:

Gak til en Korsvei og det 3 Torsdagsaftener og sig 3 Gange: Lucifer, Ac Ac Ac. Den tredje Aften kommer [han] sildig og spørg, hvad du vil. Da siger du, hvad du vil. Han svarer, at dersom du vil underskrive denne Kontrakt med dit eget Blod, saa kan du bekomme alt det, du forlanger af mig og forlanger mig til at udrette for dig.

Kontrakten lyder, som følger. Jeg, N.N., forlanger Tjeneste af dig, du unge Lucifer og Lukemborgs Hovmester, ved den levende Gud; saafremt du er mig lydig at høre dig med Liv og Blod til, til evig Tid, Legem og Sjæl, og efter Døden høre dig til – [i] Evighed, og ikke selv være raadig et Haar paa mit Hoved. Ingen Forandring og ingen Gjendriving skal høres af mig, saasandt du udretter alt, hvad jeg forlanger af dig. Og til den ende underskriver jeg med mit eget Blod, at jeg forsværer at tjene Skaberen og den hellige Trefoldighed mere hverken i Ord eller Sakramenter, hverken i Liv eller Levnet, Nat eller Dag, sovendes eller vaagendes, hverken i Ny eller Neden, indtil min Dødsstund. Saa skal den høre dig til, som med dette Blod har underskrevet.

Denne Forskrift eller Kontrakt haver Djævelen færdig og vil have undertegnet Navnet. Dette er et rigtig Udtog og Kontraktens Indhold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]