Magi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blå «auge» av glas blir brukt som magisk vern mot det vonde auget i Tyrkia.

Magi er trua på at fastsette ritual i form av handlingar og/eller ord kan tvinge fram eit ynskt eller planlagt resultat. Ritualet kan gå ut på å herme den verknaden ein vil oppnå (imitativ eller homeopatisk magi) ved til dømes å stikke ein dolk i ei dokke for å ramme ein fiende, å gjennomføre ein pantomimisk jaktdans for å tryggje jakta, imitere regn ved å helle ut vatn på rituelt vis for å berge avlinga. Eller ritualet kan basere seg på trua om at ting som har vore i kontakt med kvarandre, alltid har eit så sterkt samband med kvarandre at det som skjer med den eine, har tilsvarande verknad for den andre (kontagiøs magi), til dømes slik at den som har fått neglar eller hår frå ein person, har sjølve personen i sin vald og kan gjere kva som helst med vedkomande på grunnlag av dette materialet, utan omsyn til fråstanden.[1]

Magi og religion[endre | endre wikiteksten]

Europeisk teikning av afrikanarar og ein fetisj, eit objekt dei tilla særskilde eigenskapar. For ein utanforståande kan det vera vanskeleg å skilja mellom «magi» og «religion».

Magi finst i ymse former i alle kulturar. Sjølv om magi prinsipielt skil seg frå religiøs kult og ritual, ettersom guddomar eller andre makter i det religiøse systemet styrer den menneskelege lagnaden på måtar som ikkje kan endrast ved rituell tvang, står magi likevel i eit nært samband med religion. I røynda er det ofte slik at magiske førestillingar gjer seg gjeldande i religiøse myter og kult, og at etterlikning av kulthandlingar og bøner inngår i magiske ritual. Det er i mange høve umogleg å kunne klassifisere ei handling eller ei utsegn som rein magi eller som eit reint religiøst fenomen, og soleis vil det ofte ikkje vere eit skarpt skilje mellom religion og magi. På grunn av dette, og av di skiljet mellom magi og religion ofte er lagt på materialet av vitskapsfolk som studerer vedkomande kultur utanfrå, er det fleire som meiner at det er utan verde å skilje mellom magi og religion, og at ein i staden skulle halde seg til dei distinksjonane som det aktuelle samfunnet sjølv held seg til. Då vil det kunne verta slik at grensa ikkje går mellom magi og religion, men mellom «kvit magi», som er den typen magi som samfunnet vedkjenner seg på line med religionen, og «svart magi», som samfunnet ikkje godtek.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Boyer, Régis (1986), Le monde du double : la magie chez les anciens Scandinaves, Paris: Berg international, ISBN 2-900269-48-2 
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.