Dobbel fiolinkonsert av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dobbel fiolinkonsert
BWV 1043
Solokonsert av Johann Sebastian Bach
Sjanger Solokonsert
Periode Barokken
Komponert 1717-1723 i Köthen?
Publiseringsdato 1852 i Leipzig
Typisk lengd 15:54
Satsar 3

Konsert for to fiolinar, strykarar og continuo i d-moll, BWV 1043, òg kjend som Dobbel fiolinkonsert, er kanskje eit av dei mest kjende verka til Johann Sebastian Bach og vert rekna som eit av dei beste musikkverka frå seinbarokken. Bach skreiv stykket mellom 1717 og 1723, medan han var Kapellmeister i Anhalt-Köthen.[1] I 1739, i Leipzig, lagde han eit arrangement for to cembaloar, transponert til c-moll, BWV 1062.[1] I tillegg til to solistar, er konserten instrumentert for strykarar og basso continuo.

Konserten er kjend for det lette, men likevel uttrykksfulle forholdet mellom fiolinane gjennom heile verket. Den musikalske strukturen av stykket nyttar ein imitasjon av ein fuge og mykje kontrapunkt.

Konserten består av tre satsar:

  1. Vivace
  2. Largo ma non tanto
  3. Allegro

I 1940 lagde George Balanchine ein ballett av denne musikken kalla Concerto Barocco.

Den første satsen av stykket finst i Woody Allen-filmen Hannah and her Sisters.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steinberg, M. The Concerto: A Listener's Guide, s. 17-19, Oxford (1998) ISBN 0-19-513931-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]