Don Brewer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don Brewer

Brewer i 1970
Fødd3. september 1948 (75 år)
FødestadFlint i Michigan
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, hardrock
Instrumenttrommer, vokal, gitar
Tilknytte artistarGrand Funk Railroad, Terry Knight and the Pack, Flint, Silver Bullet Band
PlateselskapCapitol, Lucky Eleven
Verka somMusikar, låtskrivar

Donald George «Don» Brewer (fødd 3. september 1948) er ein amerikansk musikar som er trommeslagar og ein av songarane i amerikanske rockebandet Grand Funk Railroad.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Brewer var fødd i Flint i Michigan i 1948 og gjekk på Swartz Creek High School.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Brewer vart med i det første bandet sitt, The Red Devils, då han var 12 år. Etter å ha slutta i «The Red Devils», vart Brewer med i bandet «Jazzmasters», der han spelte trommer og song. I 1964 vart Brewer med den tidlegare DJ-en Terry Knight og bassisten Herm Jackson, gitaristen Curt Johnson og klaverspelaren Bobby Caldwell og danna Terry Knight and the Pack. I 1967 møtte Brewer gitaristen Mark Farner som vart med i bandet etter Johnson slutta.

Grand Funk Railroad[endre | endre wikiteksten]

I 1968 slutta Brewer i Terry Knight and the Pack i lag med bandkollegaen Mark Farner og henta inn Mel Schacher, bassisten i hitbandet ? and the Mysterians, og danna Grand Funk Railroad. Dei hyrte Terry Knight som manageren sin. I 1973 gav Grand Funk ut albumet We're An American Band, med hitsongen «We're An American Band».[1] Denne songen, skriven og sungen av Brewer, vart den første singelen deira som nådde toppen av singellista i USA. I tillegg til å spele trommer i Grand Funk, song Brewer òg fleire songar, som første og tredje verset til songen «Some Kind Of Wonderful». Brewer song baryton i gruppa, i kontrast til tenorvokalen til Mark Farner.

I 1977, etter Grand Funk gav seg, danna dei tidlegare Grand Funk-medlemmane Mel Schacher og Craig Frost eit nytt band kalla Flint. Flint gav ut eit sjølvoppkalla album før dei gav seg. I 1981 starta Brewer og Farner opp att Grand Funk for eit album som nådde albumlista. To år seinare gav dei seg att, og Brewer vart med i Bob Seger's Silver Bullet Band. Han produserte òg musikk for bandet The Godz. I 1996 samla Brewer, Schacher og Farner Grand Funk att. Farner valde å slutte i bandet i 1998 for å fortsette solokarrieren sin. I 2000 henta Brewer og Schacher inn vokalisten Max Carl, tidlegare KISS-gitaristen Bruce Kulick og klaverspelaren Tim Cashion i besetninga.

Andre trommeslagarar[endre | endre wikiteksten]

Brewer spelte bongotrommer på Frank Zappa-songen «Let me take you to the Beach» på albumet Studio Tan, som kom ut i 1978.[2] Brewer var med i Classic Rock Drum Solos,[3] og spelte ein solo frå då han og Grand Funk Railroad spelte på Shea Stadium. I 2000 var Don gjest ved Modern Drummer sin årlege Drum Festival, der han vart hylla som ein av dei viktigaste trommslagarane i rockehistoria. I 2006 vart Brewer med att i Silver Bullet Band for ein turné i 2006-07.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grand Funk Railroad - We're An American Band LIVE - 1974». YouTube. 29. august 2008. Henta 5. juli 2014. 
  2. [1]
  3. «Classic Rock Drum Solo DVD». Drummercafe.com. 3. oktober 2007. Henta 5. juli 2014. [daud lenkje]
  4. «Drummerworld Biography». Drummerworld.com. 3. september 1948. Henta 5. juli 2014.