Donsö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 57°36′0″N 11°48′0″E
Donsö
øy
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Landskap Västergötland
Len Västra Götalands län
Kommune Göteborg kommun
koordinatar 57°36′0″N 11°48′0″E
Areal 0,97 km²
Folketal 1 407 (31. desember 2010[1])
Sweden Västra Götaland location map.svg
Locator Red.svg

Donsö er ein svensk tettstad og ei øy i Göteborg kommune i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2010 hadde tettstaden 1 407 innbyggjarar.

Donsö ligg 16 kilometer sørvest for Göteborg sentrum. Donsö var municipalsamhälle frå 1911 til 1959, og til 1974 tilhøyrde staden den tidlegare Styrsö kommune.

Namnet Donsö vart skrive «Dunsø» på 1200-talet i jordeboka til Valdemar II, og kjem truleg frå planta ängsull, norsk: myrull, som er vanleg her.[2]

Øya har fleire reiarlag, eit musikkstudio og fleire byggentreprenørar. I Donsø hamn er det 50-70 plassar for fritidsbåtar. Gjestehamna er utstyrt med toalett, dusj og vaskerom. Samskipnaden Donsö IS arrangerer årleg «Donsö Hamnfest» den første laurdagen i august.

Donsö har landsamband via ferjene til Västtrafik, på folkemunne kalla «ångbåten» (dampbåten). Ferjene trafikkerer alle busette øyar i den sørlege skjergarden til Göteborg. Øya har òg brusamband med øya Styrsö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tätorternas landareal, folkmängd och invånare per km2 2005 och 2010» (på svensk). Statistics Sweden. 14 December 2011. Arkivert frå originalen den 10. januar 2012. http://www.scb.se/Statistik/MI/MI0810/2010A01/Tatorternami0810tab1_4.xls. Henta 10. januar 2012. 
  2. Göteborg, Svenska Turist Föreningens landskapsserie 1978 s.308 professor Hugo Karlsson