Drammen bybru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bybrua i Drammen sett mot Bragernes (mot nord)
Foto: Helge Høifødt
Bybrua, Drammen jarnbanestasjon og Strømsø torg

Drammen bybru er ei bru over Drammenselva mellom Bragernes torg og Strømsø torg i det kommunale vegnettet i Drammen. Opphavleg var brua ein del av hovudvegsambandet mellom Oslo og Sørlandet.

Brua er 260 meter lang, 15 meter brei, bygd i betong i ni spenn, fundamentert på trepålar som er slege ned i elvebotn, og vart opna sundag 6. september 1936 av statsminister Johan Nygaardsvold. Entreprenørfirmaet F. Selmer stod for byggjearbeidet.

Brua er no reservert kollektivtrafikk, gåande og syklande. Biltrafikken vert vist til Øvre Sund bru lenger opp i elva. Denne brua opna hausten 2011, og inngår i eit nytt vegsystem som Bragernestunnelen er ein part i.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Drammen bybru