Johan Nygaardsvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Nygaardsvold

Johan Nygaardsvold (6. september 187913. mars 1952), med tilnamnet Gubben, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var fødd i Hommelvik i Strinden, no Malvik. Han var statsminister frå 1935 til 1945. Han danna den andre regjeringa med grunnlag i Arbeidarpartiet 20. mars 1935, etter at partiet hadde gått saman med Bondepartiet i det såkalla Kriseforliket.

Stortingsrepresentant 1916-1935[endre | endre wikiteksten]

Johan Nygaardsvold var stortingsrepresentant frå 1916 til 1949. I 1928 vart han beden om å leie den første Arbeidarparti-regjeringa, men nekta. Christopher Hornsrud tok på seg oppdraget som statsminister, og Nygaardsvold vart statsråd og sjef for landbruksdepartementet i dei 17 dagane regjeringa sat før ho blei felt av eit borgarleg mistillitsforslag allereie på regjeringserklæringa. Frå 1932 til 1935 var han parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe, og frå 1933 til 1935 også stortingspresident[1], til han tok over som statsminister.

Statsminister 1935-1945[endre | endre wikiteksten]

1935, året då han tok over som statsminister, er av mange sett som eit av dei verkeleg store skilje-åra i norsk historie. Med Nygaardsvold-regjeringa tok bygginga av den norske velferdsstaten til. Tiltaka mot krisa skapte ny optimisme i breie lag av folket og hindra at fascismen fekk nokon massebasis her i landet.

Då Noreg vart invadert av Tyskland den 9. april 1940, flykta Nygaardsvold og regjeringa hans først til Hamar og seinare til Elverum, Molde og Tromsø før dei drog til London den 7. juni. Derfrå leidde han den såkalla "Londonregjeringa" fram til 31. mai 1945. Han gjekk frå stillinga som statsminister den 26. juni 1945.

Etter frigjeringa vart Nygaardsvold skulda for ikkje å ha gjort nok for å hindra at tyskarane så lett kunne okkupera Noreg i 1940. Forsvaret hadde fått lite løyvingar, og hadde små ressursar, beredskapen ved krigsutbrotet viste store manglar, og også regjeringa sin handlemåte etter invasjonen vart kritisert. Undersøkingskommisjonen av 1945 konkluderte i sin rapport til Stortinget at sjølv om ein ikkje kunne frita Nygaardsvold for ein del av ansvaret for den manglande beredskapen før og ved krigsutbrotet, så hadde han gjort ein stor innsats i Storbritannia under krigsåra.

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • Då regjeringa Nygaardsvold gjekk av, gav Stortinget Nygaardsvold æresløn.
  • Nygaardsvold fekk borgardådsmedaljen i gull i 1949.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]