Druridge Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Druridge Bay

Druridge Bay er ei 11 km lang bukt i Northumberland i England, som strekkjer seg frå Amble i nord til Cresswell i sør. Northumberland Coast Country Park ligg ved bukta og delar av området er eigd av National Trust. Områda innanfor bukta er erklært naturreservat.

Under den andre verdskrigen vart det bygd forsvarsverk rundt Druridge Bay som ein del av førebuingane mot ein inavsjon av Storbritannia. Dette omfatta murar og panservernsblokker, bunkersar og minefelt.[1]

I 1980-åra var det planar om å byggje eit atomkraftverk i området, men sterke protestar førte til at dette vart skrinlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Foot, 2006, p199.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]