Northumberland
| Northumberland | |
|---|---|
| Geografi | |
| Status | Seremonielt grevskap og sameint styresmakt |
| Opphav | Historisk |
| Region | Nordaust-England |
| Areal | 5 013 km² |
| Demografi | |
| Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
311 000 62 /km² |
| Etnisitet | 99,9 % kvite |
| Distrikt | |
|
ingen |
|
Northumberland er eit seremonielt grevskap og sameint styresmakt i Nordaust-England. Det grensar til Cumbria i vest, County Durham i sør og Tyne and Wear i søraust, samt mot Scottish Borders i nord og Nordsjøen i aust. Kysten vert rekna som særleg vakker[1] med 102 km lang stiar.[2] Etter at Tyne and Wear vart skipa i 1974, har grevskapsrådet halde til i Morpeth, aust i grevskapet.
Som kongedøme Northumbria under kong Edvin, strekte dei historiske grensene til regionen seg frå Humber i sør til elva Forth i nord. Dei historiske grensene til grevskapet dekka eit anna område, inkludert Newcastle upon Tyne, den tradisjonelle grevskapsbyen, og Tynemouth og andre busetnader i North Tyneside, som har vore ein del av Tyne and Wear sidan 1974. Dei historiske grensene til grevskapet utelet stundom Islandshire, Bedlingtonshire og Norhamshire (North Durham), eksklavane til County Durham som vart innlemma i Northumberland i 1844.
Sidan det ligg på grensa mellom England og Skottland har mange slag funne stad i området. Grevskapet er kjend for det urørte landskapet med høge lyngheier, eit ynda landskap for mange målarar og i dag hovudsakleg verna som ein del av Northumberland nasjonalpark. Northumberland er det minst folketette grevskapet i England med berre 62 innbyggjarar per kvadratkilometer.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Northumberland» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
|
|
||
|---|---|---|
| Bedfordshire · Berkshire · City of Bristol · Buckinghamshire · Cambridgeshire · Cheshire · Cornwall · Cumbria · Derbyshire · Devon · Dorset · Durham · East Riding of Yorkshire · East Sussex · Essex · Gloucestershire · Hampshire · Herefordshire · Hertfordshire · Isle of Wight · Kent · Lancashire · Leicestershire · Lincolnshire · City of London · Merseyside · Norfolk · Northamptonshire · Northumberland · North Yorkshire · Nottinghamshire · Oxfordshire · Rutland · Shropshire · Somerset · South Yorkshire · Staffordshire · Stor-London · Stor-Manchester · Suffolk · Surrey · Tyne and Wear · Warwickshire · West Midlands · West Sussex · West Yorkshire · Wiltshire · Worcestershire | ||