Drvenik Veliki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drvenik Veliki
Satellittbilete av Drvenik veliki
Satellittbilete av Drvenik veliki
Geografi


Stad Adriatarhavet
Koordinatar 43.444226° N 16.145439° E
Areal 12,07 km²
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Demografi
Folketal 168 (2001)

Drvenik veliki (av og til kalla Drvenik veli) er ei øy i Adriatarhavet utanfor kysten av Kroatia. Ho ligg utanfor Dalmatia, nordvest for Šolta, og 1,8 km frå fastlandet.[1] Arealet hennar er 12,07 km², og ho har eit folketal på 168 (2001).[2] Det høgaste punktet er 178 meter høgt.[2] Den største busetnaden på øya er Drvenik, og øya vart først busett på 1400-talet.[3]I kroatiske nedskrivingar frå 1200-talet vert øya kalla «Gerona» eller «Giruan».[3] Hovudnæringane på øya er jordbruk, fiske og turisme.[3][4] Kysten av øya består av mange sand- og grusstrender.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fakta om Drvenik
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. 3,0 3,1 3,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 2 (Zagreb, 1977)
  4. 4,0 4,1 peljar.cvs.hr